Is It Any Wonder? (EP)

Is It Any Wonder?
EP av David Bowie
Utgjeve 14. februar 2020 (digital)
20. mars 2020 (fysisk)[1]
Innspelt 1995-97
Studio Looking Glass Studios, Sony Music Studios (New York)
Sjanger Rock
Lengd 28:15
Selskap Parlophone
Produsent David Bowie, Reeves Gabrels & Mark Plati
David Bowie-kronologi 
Conversation Piece
(2019)
Is It Any Wonder? I'm Only Dancing (The Soul Tour 74)
(2020)
David Bowie EP-kronologi
No Plan
(2017)
Is It Any Wonder? ChangesNowBowie
(2020)


Is it Any Wonder? er ein EP på seks spor av David Bowie gjeven ut tidleg i 2020. Han består hovudsakleg av eldre Bowie-songar som han spelte inn under innspelinga for Earthling (1997) og øvingane til Earthling-turneen tidleg i 1997.

Bakgrunn endre

Mange av songane på EP-en var ikkje gjevne ut før. «Fun» kom frå songen «Fame», som vart omarbeidd av Bowie på Earthling-turneen i 1997 som «Is it Any Wonder?». Songen starta med spor spelte inn under øvingane for turneen tidleg i 1997, og fekk lagt til eit konsertopptak av «Fame» spelt inn i juni 1997 og så miksa av Mark Plati og Reeves Gabrels i Looking Glass Studios i New York og i Sony Music Studios i New York i februar 1998. Sporet på denne EP-en vart remiksa av Danny Saber. Før utgjevinga vart songen stundom omtalt som «Funhouse».[2] Ein alternativ remiks av songen kom ut på LiveAndWell.com. Berre CD-utgåva av EP-en hadde denne songen. Den digitale utgåva av EP-en hadde denne songen byta ut med «The Man Who Sold the World» frå ChangesNowBowie.

Miksen av «The Man Who Sold the World» vart opphavleg gjeven ut i 1995 som B-side til Bowie-singelen «Strangers When We Meet», men har ikkje komen ut på ny sidan den gongen. Miksen var laga rå ei innspeling av bandet i studio den 30. oktober 1995, der Eno «la til noko korvokal og ein sonar-pling og forma stykket litt slik at det var meir kontur kring det.»[2]

«Stay '97», ein oppdatert versjon av «Stay», kom opphavleg ut i 1976 på albumet Station to Station, og vart spelt inn i 1997 i The Factory i Dublin og miksa i midten av 1997. Tin Machine-songen «I Can't Read» vart nyinnspelt av Bowie i 1996 og gjeven ut på albumet for filmen The Ice Storm (1997), og Bowie hadde planar om å inkludere denne nyinnspelinga på Earthling, men erstatta han i siste augneblink med «The Last Thing You Should Do.» «Baby Universal '97», vart òg opphavleg spelt av Tin Machine, og nyinnspelt med tanke på Earthling (planlagt mellom «I'm Afraid of Americans» og «Law (Earthlings On Fire)», men vart teken ut før albumet kom ut. Desse tre versjonane er ikkje gjevne ut før.[2]

«Nuts», er ein hovudsakleg instrumental som Bowie, Gabrels og Plati spelte inn i november 1996 og var meint som eit bonusspor, men kom ikkje ut før denne EP-en.[2][3]

Utgjeving endre

Føre utgjevinga av EP-en vart songane tilgjengeleg for digital strøyming, ein i veka frå og med januar 2020.[4] Heile EP-en var tilgjengeleg digitalt frå og med 14. februar 2020,[1] og fysiske eksemplar kom ut for kjøp i mars 2020.[2]

CD-utgåva var avgrensa til berre 4000 eksemplar.

Innhald endre

CD-utgåve
Nr.TittelLengd
1.«Baby Universal '97»3:13
2.«Fun» (Clownboy mix)3:11
3.«Stay '97»7:30
4.«I Can't Read '97»5:27
5.«Nuts»5:21
6.«The Man Who Sold the World» (Live Eno Mix)3:33
Digital
Nr.TittelLengd
1.«The Man Who Sold the World» (ChangesNowBowie-versjon)4:01
2.«Baby Universal '97»3:13
3.«Stay '97»7:30
4.«I Can't Read '97»5:27
5.«Nuts»5:21
6.«The Man Who Sold the World» (Live Eno Mix)3:33

Medverkande endre

Frå platenotata til Is It Any Wonder? .[5]

«Baby Universal '97» (Tekst: Bowie. Musikk: Bowie, Gabrels)

«Fun (Clownboy Mix)» (Bowie, Gabrels)

  • Danny Saber – miksing
  • David Bowie – vokal
  • Zack Alford – trommer
  • Gail Ann Dorsey – bassgitar
  • Mike Garson – piano
  • Reeves Gabrels – gitar
  • Mark Plati – klaverinstrument; programmering

«Stay '97» (Bowie, Gabrels, Plati)

  • David Bowie – vokal
  • Zack Alford – trommer
  • Gail Ann Dorsey – bassgitar
  • Mike Garson – piano
  • Reeves Gabrels – gitar; synthesizer
  • Mark Plati – miksing; programmering

«I Can't Read '97» (Bowie, Gabrels)

  • David Bowie – vokal
  • Gail Ann Dorsey – bassgitar; vokal
  • Mike Garson – piano
  • Reeves Gabrels – gitar; synthesizer

«Nuts» (Bowie, Gabrels, Plati)

  • David Bowie – vokal
  • Reeves Gabrels – gitar
  • Mark Plati – miksing; programmering

«The Man Who Sold the World (Live Eno Mix)» (Bowie)

  • David Bowie – vokal
  • Reeves Gabrels – gitar
  • Peter Schwartz – synthesizer
  • Carlos Alomar – gitar
  • Gail Ann Dorsey – bassgitar
  • Zack Alford – trommer
  • Brian Eno - korvokal

Produksjon

Salslister endre

Liste (2020) Plassering
Britiske album (OCC)[6] 10

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Is It Any Wonder? EP streaming and physical». 12. september 2021. Henta 19. september 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «David Bowie Is it Any Wonder? Streaming EP of unreleased & rare material». 14. februar 2020. Henta 19. september 2021. 
  3. «Hear David Bowie’s Unreleased ‘Earthling’ Semi-Instrumental ‘Nuts’». 7. februar 2020. Henta 19. september 2021. 
  4. «David Bowie rarities EP ‘Is It Any Wonder?’ and ‘ChangesNowBowie’ Record Store Day 2020 release announced». 8. januar 2020. Henta 19. september 2021. 
  5. Is It Any Wonder? (CD booklet). David Bowie. Parlophone Records Ltd. 2020. 
  6. "20200327 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.

Bakgrunnsstoff endre