Ei ishamn er ei meir eller mindre permanent bukt i fronten av ein isbrem som kan nyttast som ei naturleg hamn. Sjølv om dei er nyttige er dei ikkje alltid pålitelege sidan kalving frå isbremmen kan gjere ishamna ustabil eller ubrukeleg.

Isbrytar nyttar ishamna i Hvalbukta.

Ishamner har spelt ei viktig rolle i utforskinga av Antarktis. Hvalbukta, som vart oppdaga og namngjeven (Bay of Whales) av Ernest Shackleton«Nimrod» i 1908, var base for fleire viktige Antarktiskekspedisjonar, som:

Norselbukta vart nytta av Maudheimekspedisjonen (NBSAE) til å losse utstyr og forsyningar frå ekspedisjonsskipet «Norsel» i 1949. NBSAE oppretta Maudheim kring 1,5 km sør for hamna.

Omgrepet ishamn (iceport) vart først nytta av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i 1956.[1]

Ingeniørar frå U.S. Navy bygde den første flytande iskaien ved McMurdo-basen, som er den sørlegaste hamna i Antarktis, i 1973.[2][3]

Ishamner i AntarktisEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. U.S. Geological Survey Geographic Names Information System: Ishamn
  2. U.S. Polar Programs National Science Foundation FY2000.
  3. «Unique ice pier harbor for ships," Antarctic Sun. 8. januar 2006; McMurdo-basen i Antarktis.