Ishockey under Vinter-OL 1998

Foto frå OL-finalen med vinnarane frå Tsjekkia i kvite trøyer

Ishockey under Vinter-OL 1998 for menn vart arrangert i Nagano i tida frå 7. til 21. februar 1998. Tsjekkia vart olympisk meister i ishockey for aller fyrste gong, etter finalesiger 1-0 mot Russland. Finland vann bronsefinalen mot Canada med 3 mot 2.

TurneringaEndra

14 land deltok i turneringa, som tok til med ei opningsrunde med åtte lag fordelt på to grupper à fire lag. Vinnarane i dei to gruppene, Kviterussland og Kasakhstan, gjekk vidare til ei mellomrunde der dei seks beste laga i Ishockey-VM 1996 kom inn i turneringa. Mellomrunda var inndelt i to grupper à fire lag. Turneringa vart avslutta med utslagsspel, der laga fekk kvartfinalemotstandar basert på plassering i gruppene.

KvartfinalaneEndra

  • Russland – Kviterussland 4-1
  • Canada – Kasakhstan 4-1
  • Tsjekkia – USA 4-1
  • Finland – Sverige 2-1

SemifinalaneEndra

  • Tsjekkia – Canada 2-1 etter ekstra tid
  • Russland – Finland 7-4

FinalenEndra

10 010 tilskodarar i den største ishockeyhallen i Nagano såg Petr Svoboda skåre kampens einaste mål 8.08 minutt ut i den tredje perioden.

Tsjekkia sitt meistermannskapEndra

  • Målvakter: Dominik Hašek, Roman Čechmánek, Milan Hnilička
  • Forsvarar: Jiří Šlégr, František Kučera, Libor Prochazka, Jaroslav Špaček, Roman Hamrlík, Richard Šmehlík, Petr Svoboda
  • Løparar: Jiří Dopita, Martin Rucinsky, Jaromír Jágr, Martin Straka, Robert Reichel, Robert Lang, Pavel Patera, Martin Procházka, Josef Beránek, Vladimír Růžička, David Moravec, Milan Hejduk, Jan Caloun

KjelderEndra