Opna hovudmenyen
For byen i sør Russland med same namn, sjå byen Isjim

Isjim (russisk Ишим; kasakhisk Есил, Esil) er ei elv som renn gjennom Kasakhstan og Russland med ei lengd på 2 450 km. Ho spring ut frå det nordvestlege hjørnet av Det kasakhstanske høglandet og er ei av sideelvane til Irtysj frå venstre. Isjim er delvis framkommeleg og renn gjennom Astana, hovudstaden i Kasakhstan.

Isjim
elv
IshiminAstana.jpg
Isjim i Astana, ein populær transportveg om vinteren når ho frys til.
Land Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan, Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 177 000 km²
Renn gjennom Astana
Lengd 2 450 km
Middelvassføring 56,3 /s
Kjelde Det kasakhstanske høglandet
Munning Irtysj
Wikimedia Commons: Ishim River

Vidare frå Astana renn elva til Atbasar og ved Derzjavinsk renn ho nordover. Seinare renn ho gjennom Esil, som er kalla opp etter elva, samt Petropavl i nord ved grensa til Russland. Ho held fram inn i sørlege område av Russland og renn her gjennom byen Isjim, som òg er kalla opp etter elva.

I følgje presidenten av Kasakhstan, Nursultan Nazarbajev, vart Astana vald til hovudstad sidan han låg nær elva. Byen er delt inn i to delar. På den høgre sida ligg gamlebyen, medan den nyare bydelen med det nye regjeringskvartalet ligg på venstre sida.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra