Astana
Astana (kasakhstansk og russisk Астана; tidlegare kalla Akmola, Tselinograd, Aqmola og Nur-Sultan) er den nest største byen og hovudstaden (frå 1997) i Kasakhstan. Etter folketeljinga i 2007 hadde byen om lag 600 000 innbyggjarar.[1] Han ligg nord i sentrale område av Kasakhstan innanfor Akmola oblast, men er administrativt ikkje ein del av oblastet, som har sin eigen hovudstad.
Astana | |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Oblast |
![]() Nursultan by | ||||
Grunnlagd | 1830 | ||||
Akim | Baqyt Sultanov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 797,33 km² | ||||
Flatevidd - By |
710,2 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2022) - folketettleik |
1 350 228 841/km² | ||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Høgd over havet | 347 m | ||||
Tidssone | BTT (UTC+6) | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | 010000 - 010015 | ||||
Telefon-retningsnummer | +7 7172 | ||||
Bilnummer | Z | ||||
Heimeside: https://www.gov.kz/memleket/entities/astana?lang=kk | |||||
Nettstad: www.astana.kz | |||||
Plassering | |||||
![]() |
Historie endre
Sibirske kosakkar frå Omsk grunnla ei stor festning i dei øvre områda av elva Isjim i 1824, som seinare utvikla seg til byen Akmolinsk. Tidleg på 1900-talet vart byen eit stort jernbaneknutepunkt, noko som førte til kraftig økonomisk vekst fram til den russiske revolusjonen.
Gulagane låg ein gong tjukt ut over den kasakhstanske steppa, og elleve av dei husa hundretusenvis av fangar med familiane deira. Utanfor Astana låg ALZHIR-leiren, ei russisk forkorting for «Akmolinskij-leiren for konene til forrædarane av moderlandet», ein av dei mest frykta av gulagane. Leiren var nytta for konene til mennene Josef Stalin såg på som «fiendar av folket».[2]
I 1961 fekk byen namnet Tselinograd og vart hovudstad i Det sovjetiske jomfrulandområdet (Tselinnij Kraj). Byen vart senteret i Jomfrulandplanen til Nikita Khrusjtsjov i 1950-åra for å gjere regionen om til eit nytt kornproduserande området for Sovjetunionen. Den store etniske blandinga ein har i området i dag kan stort sett sporast tilbake til denne tida då mange flytta til området for å arbeide her, i tillegg til mange russiske tyskarar som vart flytta hit etter å ha vorte deportert av Josef Stalin under den andre verdskrigen då Nazi-Tyskland invaderte Sovjetunionen.
Etter at Kasakhstan fekk sjølvstende sitt i 1991 vart byen og regionen kalla Akmola. Dette namnet vert ofte omsett til «kvit gravstein», men tyder eigentleg «Heilag plass».
I 1994 vart byen vald ut som den framtidige hovudstaden i det nyleg sjølvstendige landet og fekk så namnet Astana etter hovudstaden offisielt vart flytta frå Almaty i 1997. Trass i den isolerte plasseringa til den nye hovudstaden midt på Den kasakhstanske steppa og det særs kalde klimaet om vinteren, trong rett og slett Kasakhstan ein meir sentralt plassert hovudstad enn Almaty, som ligg heilt søraust i landet ved grensa til Kirgisistan.
Geografi endre
Byen ligg sentralt til i Kasakhstan ved elva Isjim på ei svært flat, halvørkenliknande steppe. Astana ligg 347 meter over havet.
Klima endre
Klimatisk er Astana den nest kaldaste hovudstaden i verda etter Ulan Bator i Mongolia, og temperaturar rundt 35-45 kuldegrader seint på hausten er ikkje uvanleg. Nursultan er òg kjend for å ha frost regelmessig rundt seks månader av året. Astana har generelt kontinentalklima med særs kalde vintrar og moderat varme somrar, i tillegg til at han får lite nedbør.
Den årlege middeltemperaturen i Astana er 1 °C. Januar er den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på -16 °C, medan juli er den varmaste med ein middeltemperatur på 20 °C.
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Normal maks. temperatur °C | -12 | -11 | -4 | 9 | 19 | 25 | 27 | 24 | 18 | 8 | -2 | -9 | 7 |
Normal min. temperatur °C | -21 | -21 | -15 | -2 | 5 | 11 | 13 | 11 | 5 | -1 | -11 | -18 | -3 |
Nedbør (mm) | 22 | 14 | 19 | 21 | 31 | 40 | 50 | 37 | 26 | 27 | 20 | 22 | 329 |
Kjelder endre
- ↑ www.astana.kz Folketal
- ↑ kazakhembus.com, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 18. januar 2008
- Denne artikkelen bygger på «Karaganda» frå Wikipedia på engelsk, den 18. januar 2008.
Bakgrunnsstoff endre
- Astana internasjonale flypass Arkivert 2020-01-13 ved Wayback Machine.
- Astana - ny by Arkivert 2007-12-23 ved Wayback Machine.
- Reiseguide