It's No Game
It's No Game Song av David Bowie frå albumet Scary Monsters (and Super Creeps) | ||
Utgjeve | 12. september 1980 | |
Innspelt | Power Station i New York City, februar 1980 (No. 1, No. 2); Good Earth, London, april 1980 (No. 1) | |
Sjanger | Hardrock, new wave, post-punk | |
Lengd |
| |
Selskap | RCA | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie, Tony Visconti |
«It's No Game» er ein song skriven av den engelske musikaren David Bowie i 1980 for albumet Scary Monsters (and Super Creeps) med sologitar av Robert Fripp. Songen er delt i to delar som opnar og avsluttar albumet. «(No. 1)» er musikalsk sett skummel der Bowie skrik teksten og den japanske skodespelaren Michi Hirota les ein japansk tekst. «(No. 2)» står i sterk kontrast til «(No. 1)» og er langt rolegare, som biografar meiner symboliserer at Bowie møter den same situasjonen som på «(No. 1)», men etter albumet er over.
I tillegg til albumet, vart «(No. 1)» gjeven ut som B-side til den amerikanske versjonen av singelen «Ashes to Ashes» i august 1980. Bowie spelte aldri «It's No Game» på nokre konsertane sine, sjølv om slutten på «(No. 1)» vart nytta på Glass Spider-turneen i 1987. Heile songen vart seinare framført i 2015 i musikalen Lazarus.
Innspeling
endreInnspelinga for Scary Monsters (and Super Creeps) byrja i Power Station i New York City i februar 1980. Akkompagnementet for «It's No Game» vart fullført her, og «(No. 2)» vart spelt inn heilt ferdig.[1] King Crimson-gitaristen Robert Fripp bidrog med sologitar til «(No. 1)».[2] Han vart spelt inn kring same tid som instrumentalen «Crystal Japan», som opphavleg var tenkt som avslutningssporet på albumet, men vart droppa til fordel for ein reprise av «It's No Game».[3][4] I følgje biografen Chris O'Leary, var «(No. 2)» originalversjonen av songen. Korleis songen utvikla seg kan minne om soga til The Beatles-songen «Revolution» frå 1968, der dei første spelte inn ein langsam, akustisk song (versjonen som finst på White Album), og så som ein hardrocksong.[2]
I staden for å improvisere tekst og musikk, slik han hadde gjort på tidlegare album, informerte Bowie Visconti om at han øsnkte å komponere og utvikle tekstar og melodiar.[5] Derfor vart ikkje vokalen til Bowie spelt inn før i april 1980 i Good Earth Studios i London, som var studioet til produsenten Tony Visconti på den tida.[6] Her vart òg den japanske teksten lesen inn av Michi Hirota for «(No. 1)».[7]
Musikk og tekst
endreDelar av «It's No Game» vart utvikla frå ein tidlegare, ikkje-utgjeven song kalla «Tired of My Life», som Bowie hadde spelt inn ein demo av i Haddon Hall i midten av 1970. Bowie hevda å ha skrive «Tired of My Life» så tidleg som i 1963, noko Visconti støtta då han sa at Bowie skreiv songen 16 år gammal.[8] Då han skreiv «It's No Game» brukte Bowie om att melodien, strukturen og delar av teksten frå «Tired of My Life», som har eit liknande tema som Bowie-albumet The Man Who Sold the World frå 1970.[2][9]
«No. 1»
endreTeksten til «It's No Game (No. 1)» vert lesen på japansk av Michi Hirota, medan Bowie skrik den engelske utgåva «som om han bokstavleg talt riv ut sine eigne tarmar», i følgje NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray.[10] O'Leary skreiv at det minna om John Lennon si framføring på Plastic Ono Band (1970).[2] Bowie sa at han ønskte ein stram kvinneleg vokal «forå bryte ned ein særskild type sexistisk haldning» retta mot japanske jenter og kvinner generelt.[7] Hirota les teksten som den er, med sterk mannleg «eg»-pronomen, ore. Songen endar med ei intens gitarsløyfe spelt av Fripp, medan Bowie skrik «Shut up!». Forfattaren Peter Doggett kalla slutten «fantastisk, skremmande og nådelaus».[11]
«No. 2»
endreI motsetnad til den musikalske og vokale intensiteten på «(No. 1)», er «It's No Game (No. 2)» lang rolegare. Carr og Murray tolka dette som at Bowie «møter den same situasjonen som han konfronterer når albumet byrjar, men at han ikkje har meir kraft att til å vere sint. Ting har ikkje betra seg, men han handsamar det betre.»[10] Doggett skriv at der «(No. 1)» «endar med teikn på galskap», endar berre «(No. 2)» «og trekkjer ut farge frå alt kring seg».[11] På same måte som albumet byrjar, avsluttar det med lyden av eit lydband som spoler tilbake og speler ut, sjølv om det denne gongen stoppar.[12][2]
Utgjeving og mottaking
endreBegge partane av «It's No Game» kom ut 12. september 1980 på det 14. studioalbumet til Bowie, Scary Monsters (and Super Creeps). «(No. 1)» opna albumet og «(No. 2)» avslutta det.[13] «(No. 1)» vart òg gjeven ut som B-side til den amerikanske versjonen av singelen «Ashes to Ashes» i august 1980.[14] I Japan vart han gjeven ut som singel i 1980 med «Fashion» som B-side.[12] Eit spesiallaga trykk med både part 1 og 2 vart for første gongen trykt på ein 7"-vinyl og inkludert i boka Speed of Life (Genesis Publications, 2012) i eit avgrensa opplag på 2 000 eksemplar signert av Bowie og fotografert av Masayoshi Sukita. Biletvinylen bestod av fotografi av Sukita.
Bowie framførte aldri «It's No Game» på nokre av konsertane sine. Men avslutninga på «(No. 1)» – med Alomar på manisk gitar og Bowie som skrik «Shut up!» – vart gjenskap som opninga av konsertane på Glass Spider-turneen i 1987.[15] Heile songen vart sidan framført i 2015 i musikalen Lazarus.[12] O'Leary skreiv at for musikalen gjorde Bowie «It's No Game» om til ein «absurdistisk stykke»: sitjande fast i leilegheita hans der rollefiguren Thomas Jerome Newton, etter å ha vore vitne til ein valdeleg dødsmontasje, «hallusinerer at han vert kasta rundt i rommet av ein kvinneleg samurai».[2]
I 2018 skreiv NME-skribenten Emily Barker at «It's No Game (No. 1)» var den 40. beste songen til Bowie og likte korleis Bowie kunne «lage musikk som var umåteleg sympatisk og samstundes dystopisk».[16]
Medverkande
endreI følgje biografen Chris O'Leary:[2]
- David Bowie – solo- og korvokal, piano, produsent
- Robert Fripp – sologitar «(No. 1)»
- Carlos Alomar – rytmegitar
- George Murray – bass
- Dennis Davis – trommer, skrall «(No. 1)»
- Michi Hirota – solovokal «(No. 1)»
- Tony Visconti – korvokal, produsent
Coverversjonar
endre- Born to Worry – ein versjon kalla «It's No Game Part 3» på albumet Loving the Alien: Athens Georgia Salutes David Bowie.
- Nine Inch Nails – gitarsampling frå Bowie-songen, sakka ned og spelt baklengs, vert nytta på «Pinion» frå EP-en Broken;[12] ein kan høyre dette tydelegare på opptaka som vert spelte før nesten kvar einaste Nine Inch Nails-konsert.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «It's No Game» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Buckley, David (2005) [1999]. Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story. London: Virgin Books. ISBN 978-0-75351-002-5.
- Carr, Roy; Murray, Charles Shaar (1981). Bowie: An Illustrated Record. London: Eel Pie Publishing. ISBN 978-0-38077-966-6.
- Doggett, Peter (2012). The Man Who Sold the World: David Bowie and the 1970s. New York City: HarperCollins Publishers. ISBN 978-0-06-202466-4.
- O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes: The Songs of David Bowie 1976–2016. London: Repeater. ISBN 978-1-912248-30-8.
- Pegg, Nicholas (2016). The Complete David Bowie (Revised and Updated utg.). London: Titan Books. ISBN 978-1-78565-365-0.
- Whitburn, Joel (2015). The Comparison Book. Menonomee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 978-0-89820-213-7.
- ↑ Pegg 2016, s. 397.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 O'Leary 2019, s. 138–142.
- ↑ Pegg 2016, s. 67–68.
- ↑ O'Leary 2019, s. 163.
- ↑ Buckley 2005, s. 316.
- ↑ O'Leary 2019, s. 138–139.
- ↑ 7,0 7,1 Buckley 2005, s. 322–323.
- ↑ Pegg 2016, s. 136–137, 285.
- ↑ Doggett 2012, s. 107–108, 368–369.
- ↑ 10,0 10,1 Carr & Murray 1981, s. 112–113.
- ↑ 11,0 11,1 Doggett 2012, s. 368–369.
- ↑ 12,0 12,1 12,2 12,3 Pegg 2016, s. 136–137.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Scary Monsters – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 28. mars 2013. Henta 29. august 2021.
- ↑ Whitburn 2015, s. 57.
- ↑ Thompson, Dave. ««It's No Game, Pt. 1» – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 29. april 2021. Henta 5. juli 2021.
- ↑ Barker, Emily (8. januar 2018). «David Bowie's 40 greatest songs – as decided by NME and friends». NME. Arkivert frå originalen 25. januar 2021. Henta 18. august 2021.