It’s Only Rock ’n’ Roll (But I Like It)
It’s Only Rock ’n’ Roll (But I Like It) Singel av The Rolling Stones frå albumet It's Only Rock 'n' Roll | ||
Utgjeve | 1974 | |
Innspelt | 1974 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 5:07 | |
Selskap | Rolling Stones/Virgin | |
Tekstforfattar | Mick Jagger | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
---|---|---|
Produsent | The Glimmer Twins | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
«Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)» (1973) |
It’s Only Rock ’n’ Roll (But I Like It) | «Ain't Too Proud to Beg» (1974)
|
«It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)» er ein song av det britiske rockebandet The Rolling Stones, og tittelsporet og første singelen frå albumet It's Only Rock 'n' Roll frå 1974. .
Innspeling og inspirasjon
endreSongen vart spelt inn seint i 1973 og gjort ferdig våren 1974,[1] og er tislskriven Mick Jagger og Keith Richards, sjølv om den framtidige Rolling Stones-gitaristen Ronnie Wood samarbeidde med Jagger på songen.[2] Songen vart opphavleg spelt inn ein kveld i studioet til Wood heime hos han i Richmond i London.[3] David Bowie var korsongar, Willie Weeks spelte bass og Kenney Jones trommer. Songen på albumet liknar originalinnspelinga og Stones nytta det opphavlege rytmesporet.
Utgjeving
endreSongen kom ut i juli 1974 og nådde sekstandeplassen i USA og tiandeplassen i Storbritannia. B-sida var balladen «Through the Lonely Nights», som ikkje vart gjeven ut på album før samlinga Rarities 1971-2003 i 2005.[1]
Det vart spelt inn ein musikkvideo for «It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)», regissert av Michael Lindsay-Hogg,[1] der bandet er kledde i matrosdressar og spelar inne i eit telt som gradvis vert fylt med såpebobler. Videoen var ein av dei siste framføringane Mick Taylor gjorde med bandet.
The Rolling Stones har spelt songen mykje på konsertar, men ofte i ein annan toneart enn på studioutgåva. Han finst på konsertalbuma Love You Live (1977) og Live Licks (2004).
Salslister
endreListe (1974) | Plassering |
---|---|
Canada Top Singles (RPM)[4] | 13 |
Tyskland (Media Control AG)[5] | 36 |
Irland (IRMA)[6] | 6 |
Nederland (Mega Single Top 100)[7] | 13 |
Noreg (VG-lista)[8] | 8 |
UK Singles (Official Charts Company)[9] | 10 |
US Billboard Hot 100[10] | 16 |
Andre utgåver
endreSongen er spelt av mellom andre Twisted Sister. Tina Turner spelte songen på 50-årsjubileumsturneen hennar i 2008-2009.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Zentgraf, Nico. «The Complete Works of the Rolling Stones 1962-2008». Henta 13. mars 2009.
- ↑ Jagger, Mick; Richards, Keith; Watts, Charlie; Wood, Ronnie (2003). According to the Rolling Stones. Chronicle Books. s. 162–164. ISBN 0-8118-4060-3.
- ↑ «"The Stones London"» (på engelsk). Community Walk. 2007. Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 13. mars 2009.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 28. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones - It's Only Rock 'N' Roll". Charts.de. Media Control. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – The Rolling Stones". Irish Singles Chart. Retrieved 28. mars 2018.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – It's Only Rock 'N' Roll" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – It's Only Rock 'N' Roll". VG-lista. Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "Chart Stats – Rolling Stones – It's Only Rock 'N' Roll" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 28. mars 2018.