Opna hovudmenyen

Kenneth Thomas «Kenney» Jones (fødd 16. september 1948) er ein engelsk trommeslagar som er mest kjend som medlem av Small Faces, Faces og The Who.[1]

Kenney Jones
Kenney Jones (cropped modded).jpg
Fødd16. september 1948
FødestadStepney
FødenamnKenneth Thomas Jones
AliasKenney
OpphavStepney i East London i England
SjangerRock, hardrock
InstrumentTrommer
Verka somMusikar

Jones var med i The Small Faces frå 1965 til bandet vart oppløyst i 1969. Då Steve Marriott gav seg, var han med på å starte The Faces saman med dei gjenverande medlemmene frå The Small Faces samt Rod Stewart og Ron Wood frå The Jeff Beck Group. Då Stewart fekk stor suksess som soloartist medan Wood starta å spele med The Rolling Stones, vart The Faces mellombels oppløyst i 1976. To år seinare døydde trommeslagaren i The Who, Keith Moon, og Jones tok over. Han spelte med The Who fram til 1985.

KjelderEndra

  1. BRITISH FILM INSTITUTE: Kenney Jones [1]