Ivajlo Mladenov
Ivajlo Petkov Mladenov[a] (fødd 6. oktober 1973) er ein bulgarsk tidlegare lengdehoppar som vart europameister i lengdehopp i 1994.
Ivajlo Mladenov | |
Statsborgarskap | Bulgaria |
Fødd | 6. oktober 1973 (51 år) Vratsa |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996 |
Mladenov var frå Vratsa. Han vart nummer fem i lengdetevlinga under VM i friidrett 1993. På tampen av 1993-sesongen forbetra han den bulgarske lengderekorden til 8,20 m då han vart nummer to i IAAF-finalen i London. Året etter vann han gullmedaljen under friidrett-EM i Helsingfors med eit hopp på 8,09 m, Milan Gombala frå Tsjekkia vart nummer to.
Sin personlege rekord på 8,33 meter oppnådde Mladenov i juni 1995 i Sevilla, framleis gjeldande bulgarsk rekord i lengdehopp. Under verdsmeisterskapen 1995 i august kom han på åttandeplassen i øvinga.
Mladenov vart bulgarsk meister i lengdehopp både i 1993 og 1994. Frå 1996 var han mykje plaga av skadar.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreMerknadar
endre- ↑ Bulgarsk skrift Ивайло Петков Младенов
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Iwajlo Mladenow» frå Wikipedia på tysk, den 28. april 2015.