Ivan Hesjko (fødd 19. august 1979) er ein ukrainsk tidlegare mellomdistanseløpar frå Tsjernivtsi som spesialiserte seg i 1500 meter. Han vann bronsen på distansen under verdsmeisterskapen 2003 og sølvmedaljen ved europameisterskapen 2006.

Ivan Hesjko
Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 19. august 1979 (44 år)
Klivodyn
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Hesjko sprang seg inn i verdseliten på 1500 m sommaren 2002. Etter å ha sett landsrekord med 3.32,0 i juni månad, tok han i august bronsemedaljen på distansen under VM i friidrett 2003 i Paris, klart slått av vinnaren Hicham El Guerrouj og Mehdi Baala. Ved innandørs-VM 2004 i Budapest vart han andremann etter eit løp i lusefart. Under Sommar-OL 2004 vart han femtemann på 1500 m og utslått i semifinalane på 800 meter. Berre vel ei veke etter leikane i Aten, den 3. september i Brussel, sette han ukrainsk rekord med tida 3.30,33 i eit GL-stemne.

I 2005 vann Hesjko spesialdistansen både i innandørs-EM i Madrid, under universiaden i Izmir og til sist under den såkalla verdsfinalen. Inn i mellom vart han fjerdemann i VM-finalen i Helsinki, utan heilt å kunne truge dei tre medaljevinnarane. Vårvinteren 2006 sigra han på 1500 m ved innandørs-VM i Moskva. I august 2006 kneip Hesjko sølvmedaljen på 1500-meteren då friidretts-EM vart avvikla i Göteborg.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa på 1500 m (3.41,8=nr 31)
  • EM 2002 i München: Utslått i kvalifiseringa på 1500 m (3.47,7=nr 16)
  • VM 2003 i Paris: Bronsemedalje på 1500 m – 3.33,1
  • OL 2004 i Aten: Nr 5 på 1500 m – 3.35,8. Utslått i semifinalane på 800 m (1.46,6=nr 15)
  • VM 2005 i Helsinki: Nr 4 på 1500 m – 3.38,7
  • EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje på 1500 m – 3.39,5, bakom Mehdi Baala (3.39,0)
  • VM 2007 i Osaka: Utslått i kvalifiseringa på 1500 m (3.42,0=nr 25)

Kjelder endre