Opna hovudmenyen

Hicham El Guerrouj (arabisk: هشام الݣروج) (fødd 14. september 1974) er ein marokkansk tidlegare langdistanse- og mellomdistanseløpar. Han held verdsrekorden på både 1500 meter, éi engelsk mil og utandørs 2000 meter. I tillegg har han VM-gull frå 1997, 1999, 2001 og 2003.

Hicham El Guerrouj
Hicham El Guerrouj cropped.jpg
Fødd 14. september 1974
Berkane
Yrke langdistanseløpar, mellomdistanseløper
Hicham El Guerrouj på Commons
Hicham El Guerrouj (t.v.) i Athen i 2004.

Hans fyrste medalje i OL-samanheng var eitt sølv på 1500 meter frå sommar-OL 2000 i Sydney, då han blei slått av kenyanaren Noah Ngeny. Dei største olympiske leikane for El Guerrouj var sommar-OL 2004 i Athen. Her sprang han inn til gull på både 1500 meter og 5000 meter. Hicham El Guerrouj trekte seg tilbake frå toppidretten etter Athen-leikane.

Guerrouj fekk Bislett-medaljen i 2000.[1]

KjelderEndra

  1. «Bislettmedaljen/The Bislett Medal» (PDF). Diamond League Oslo. Arkivert frå originalen (PDF) 29. januar 2017. Henta 30. januar 2017.