Ivar Aasen-feltet
Ivar Aasen-feltet er eit oljefelt i Nordsjøen. Olje- og Energidepartementet kunngjorde den 10. september 2012 at funnet 16/1-9 Draupne vart gjeve feltnamnet «Ivar Aasen-feltet». Feltet vart kalla opp etter språkforskaren Ivar Aasen.
Ivar Aasen-feltet | |
---|---|
Informasjon | |
Operatør | Det norske oljeselskap |
Produksjon | Olje og Naturgass |
Funnår | 2008 |
Oppstart | planlagt 2016 |
Geografi og geologi | |
Plassering | Nordsjøen, sør for Granefeltet |
Koordinatar | 58°32′N 2°07′E / 58.54°N 2.12°E |
Oljereservar | 115 mill. fat olje |
Havdjupne | 110 m |
Reservoarbergart | Sandstein frå juratida og sein trias |
Rettshavarar | |
Det norske oljeselskap 35 % Statoil 50 % |
Plan for utbygging og drift (PUD) for feltet vart godkjend den 22. mars 2013, og produksjonsstart er planlagd seint i 2016.
Det norske oljeselskap er operatør for feltet. Planen er at feltet skal byggjast ut med ein oljeplattform som skal knytast til Edvard Grieg-feltet. I tillegg er dei to oljefunna 25/10-8 Hanz og 16/1-7 West Cable planlagt produsert via plattformen på feltet.
Kjelder
endre- Olje- og energidepartementet: Fakta 2013 Norsk petroleumsverksemd
- Draupne får namnet Ivar Aasen
- Oljedirektoratet: All&nav3=23384520 Faktasider[daud lenkje]