Edvard Grieg-feltet

Edvard Grieg-feltet (som funn kalla Luno) er eit oljefelt som ligg i blokk 16/1 på norsk kontinentalsokkel i den midtre delen av Nordsjøen, omtrent 180 kilometer vest for Stavanger. Feltet vart funne i 2007, og fekk då namnet Luno. Oljefeltet skifta namn 13. april 2012 frå Luno til Edvard Grieg, etter forslag frå operatøren Lundin. Feltet vart oppkalla etter komponisten Edvard Grieg. Produksjonen på Edvard Grieg skal samordnast med nabofeltet Ivar Aasen (tidlegare Draupne), der Det norske oljeselskap er operatør.

Edvard Grieg
Informasjon
Operatør Lundin Norway
Produksjon Olje og naturgass
Tilknytt terminal Stureterminalen (olje) og St. Fergus terminalen (gass)
Funnår 2007
Oppstart 2015 (planlagt)
Geografi og geologi
Plassering Nordsjøen, sør for Balderfeltet
Koordinatar 58°30′N 2°08′E / 58.50°N 2.14°E / 58.50; 2.14
Oljereservar 165 mill. fat olje
Havdjupne 110 m
Reservoardjupne 1900 m
Reservoarbergart Sandstein frå sein Trias og tidleg krit
Rettshavarar
Lundin Norway 50 %

OMV Norge 20 %
Statoil 15 %
Witershall Norge 15 %

Lisensen for Edvard Grieg-feltet er PL338, og Lundin er operatør med 50 %, Wintershall eig 15 %, Equinor 15 % (bytt til seg frå Wintershall) og OMV (Norge) AS eig 20 % i feltet.

Bakgrunnsstoff

endre