Ivar Geelmuyden

norsk politikar

Ivar Christian Sommerschild Geelmuyden (8. april 181921. mai 1875) var ein norsk lærar og stortingsmann frå Trondheim. Han var far til Carl Geelmuyden, Christian Geelmuyden var bror hans.

Ivar Geelmuyden

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. april 1819
Trondheim
Død

21. mai 1875 (56 år)
Bergen

Yrke lærar, rektor, politikar
Språk norsk
Ivar Geelmuyden på Commons

Geelmuyden vart student frå Bergens katedralskule i 1837 og cand. mag. i 1844. Sidan var han lærar ved Nissens latin- og realskole i Christiania, frå 1853 overlærar ved realskulen i Fredrikshald. Frå 1862 til han døydde var han rektor ved Bergens katedralskule. Han forfatta fleire lærebøker i geografi.

Geelmuyden var medlem av bystyret i Fredrikshald 1855-62 og i Bergen frå 1863. Han var ordførar i Bergen 1867-68 og 1873-75.

Geelmuyden representerte Fredrikshald på Stortinget 1857 og på omframstortinget 1858. På begge tinga var han sekretær i bankkomiteen. Frå 1865 til han døydde var han stortingsrepresentant for Bergen. Han var 1865-66 medlem av av kyrkjekomiteen og trykkekomiteen, 1868-69 av Lagtinget og kyrkjekomite nr 2, samt sekretær i trykkekomiteen. Perioden 1871-73 var han formann i trykkekomiteen og medlem av Lagtinget og vegkomiteen. 1874-75 var han formann i kyrkjekomiteen og framleis medlem av Lagtinget. 28. april 1875 fekk han permisjon grunna sjukdom. Tre veker seinare døydde han i Bergen.

Kjelder endre