Christian Geelmuyden

norsk politikar

Christian Torber Hegge Geelmuyden (16. oktober 181613. mai 1885) var ein norsk marineoffiser og politikar, fødd i Trondheim. Ivar Geelmuyden var ein yngre bror.

Christian Geelmuyden
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. oktober 1816
Trondheim
Død

13. mai 1885 (68 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi

Liv og gjerning endre

Etter å ha gått ut av realskulen i Trondheim i 1828, reiste Geelmuyden ei par turar til sjøs. I 1830 byrja han på sjøkadettskulen i Fredriksvern og tok offiserseksamen i 1835 og høgskuleeksamen året etter. Frå 1836 var han sekondløytnant i marinen og studerte åra 1838-40 ved bergverket i Falun og kanonstøyping på Finspång og Stavsjö. Frå 1841 underviste han i fleire år i matematikk og navigasjon ved sjøkadettskulen i Fredriksvern til 1852. I 1845 gav han ut Lærebog i Navigationen , eit verk som kom i fleire opplag.

Frå 1852 stod Geelmuyden føre planlegginga av den tekniske skulen i Horten på oppdrag frå marinedepartementet, ein skule der han sjølv fekk stillinga som førstelærar i 1854. I 1872 vart han tilsett som direktør og lærar i matematikk og fysikk ved den nyoppretta tekniske skulen i Trondheim. År 1874 vart han kommandør i marinen, gjorde frå 1876 teneste i marinestaben og vart i 1882 sjef for marineverftet i Horten.

Geelmyuden var stortingsmann i 1857 og deltok på det overordentlege storting i 1858, vald frå Jarlsberg og Larvik amt. I 1864 møtte han på Tinget som varamann i staden for Nils Nilsen Enge. Han var i 1857 medlem av militærkomiteen og sekretær i jarnbanekomiteen, samt komiteen om slottsbygninga. I 1864 var han med i komiteen om løner til hæren. Frå 1877 var han formann i kommisjonen for tilsynet med dampskip. Geelmyuden var ordførar i Horten frå 1857 til 1864.

Kjelder endre

Stortingsbiografi Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine.