Ivar Olaus Nordkild (fødd 14. mai 1941) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Vassdalen i Nordland, som vann gull med dei norske stafettlaga under VM i skiskyting 1965 og 1966. Han vart norsk meister på 10 km i 1974. Nordkild er medlem av Bjerkvik Idrettsforening.

Ivar Nordkild
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mai 1941 (82 år)
Noreg
Yrke skiskyttar
Høgd 173 centimeter

Aktiv endre

Nordkild fekk plass i den norske troppen til VM i skiskyting 1965Elverum, den fyrste verdsmeisterskapen i skiskyting avvikla i Noreg. Etter å ha vorte nummer 14 i den individuelle øvinga fekk han gå andreetappen for Noreg i 4 x 7,5 km stafett. Saman med Ola Wærhaug, Olav Jordet og ankermann Ragnar Tveiten syrgde han for at Noreg fekk sin fyrste stafettriumf i skiskyting. Året etter gjekk han startetappen då Noreg forsvarte VM-tittelen i stafett i Garmisch-Partenkirchen, dei andre på laget var Jordet, Jon Istad og Tveiten.

Nordkild tok bronsemedaljen i NM 1966 og NM 1968, i den mellomliggjande sesongen vart han andremann etter Jon Istad og fekk sølv. Etter nokre sesongar utan representasjonsrenn, tok Nordkild sølvmedaljen i NM 1970 i Trondheim og vart nummer 11 i skiskytings-VM i Östersund. Sesongen etter kom han på 14. plass individuelt i VM i skiskyting 1971 i finske Hämeenlinna, der han så fekk æra av å gå Noreg inn til sølvmedalje på stafetten.

Han deltok utan suksess i Vinter-OL 1972 i Sapporo. Derimot overraska han under NM i skiskyting 1974 på Vingrom, der han under tunge tilhøve vann den fyrste 10-kilometeren i ein noregsmeisterskap. På den ordinære 20 km med normalprogram tok han bronsemedaljen.

Nordkild la opp etter 1975-sesongen.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.