Iver Jønland
norsk langrennsløpar
Iver Jønland (fødd 14. februar 1950) er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Hølonda, som vann bronsemedaljen på 30 km under noregsmeisterskapen på ski i 1975. Han var medlem av Idrettslaget Leik og såleis klubbkamerat med den eitt år yngre Oddvar Brå.
Iver Jønland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. februar 1950 (75 år) Hølonda kommune |
Idrett | langrenn |
Under europameisterskapen 1970 for juniorar vann det norske tremannslaget stafetten. Med på laget var Jønland, Ivar Formo og Brå.
Jønlands fremste prestasjon kom på 50 km under NM i Flatebygd i 1975. Her sørgde han for at tre sør-trønderar tok alle medaljane på distansen. Berre dei framifrå femmilsløparane Oddvar Brå og Magne Myrmo gjekk fortare.
Jønland er busett i Klæbu.
Besteplasseringar i internasjonale renn
endre- 1974: Nr 6 på 15 km Holmenkollen
- 1975: Nr 13 på 50 km Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- Ski-NM 1970: Nr 12 på 15 km i Trondheim
- Ski-NM 1974: Nr 4 både på tremila i Selbu og på femmila i Sørreisa
- Ski-NM 1975: Bronsemedalje på femmila i Flatebygd
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar