Jærmålarar
Jærmålarar er ei nemning på kunstmålarar som har lete seg inspirera av landskapet Jæren. Jarnvegen Jærbanen vart opna i 1878, og gjorde Jæren meir tilgjengeleg for reisande utanfrå. I denne tida var fleire kunstmålarar aktive på Jæren. Dei budde gjerne fast andre stader, men var på Jæren om somrane. Jærmålarar som Kitty Kielland og Nicolai Ulfsten var mykje på Jæren, og måla landskapsbilete. Ting som går att i bileta er jærstrendene med sanddyner, jærhus og torvtaking.
Bakgrunnsstoff
endre- Kunst i Rogaland Arkivert 2005-03-09 ved Wayback Machine.
- Bergen kunstmuseum Arkivert 2005-11-25 ved Wayback Machine.
Litteratur
endre- Hild Sørby: Jærmaleriet, fra landskap til visjon, Oslo 1983.