Sommar

årstid
(Omdirigert frå Sumar)

Sommar eller sumar er ei av de fire årstidene i tempererte og arktiske sonar på jorda, og viser til den varmaste og lysaste tida av året. Det er uklart kva ordet «sommar» eigentleg viser til, men det finst i ulike variantar på dei fleste germanske språk med assosiasjonar til vekst og grøde.

Sommar i Sverige. (Foto: Jacob Ehnmark)

Definisjon

endre

Sommaren er den delen av åretsola står høgast på himmelen, og den gjennomsnittlege dagtemperaturen er høgast. I meteorologisk samanheng er sommaren definert som månadene juni, juli og august. Den astronomiske sommaren er på den nordlege halvkula tida frå sola går inn i Krepsen sitt teikn (ca. 21. juni) til ho går inn i Vekta sitt teikn (ca. 23. september). På den sørlege halvkula varer den astronomiske sommaren frå ca. 20. desember til 22. mars.

I klimalæra vert sommaren definert som tida av året då den normale døgnmiddeltemperaturen er høgare enn 10 °C. Etter denne definisjonen varer sommaren i Oslo 129 døgn, i Tromsø 69 døgn, medan Vardø ikkje har noko sommar i det heile, sidan den varmaste månaden, som er juli, har ein normal middeltemperatur på 9,2 °C. Sommaren kjem slik sett først gjennomsnittleg til Flekkefjord, kring 10. mai og varer lengst rundt Oksøy ved Kristiansand, fram til 10. oktober.

primstaven vert sommaren rekna som halvåret frå 14. april (sommardagen) til 14. oktober (vinterdagen).

Sidan det finst ein tregleik i oppvarminga av jordoverflata og atmosfæren vil dei høgaste temperaturane hovudsakleg kome etter sommarsolkverv. Vêret er ofte meir stabilt om sommaren enn om hausten og vinteren med færre lågtrykk og mindre vind. Nedbøren kjem gjerne i samband med ettermiddagsbyer heller enn frontpassasjar.

Assosiasjonar

endre

For dei som arbeider med det som veks er sommaren gjerne den mest slitsame årstida. For andre er ho som regel prega av ferie og friluftsliv.

Jonsok og liknande midsommarfeiringar skjer om sommaren. Det blir òg arrangert mange festivalar og historiske spel folk kan reisa til.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sommar

Kjelder

endre

«sommer» i Store norske leksikon, snl.no. astronomisk språkbruk «sommer – i astronomisk språkbruk» i Store norske leksikon, snl.no.


Vår Sommar Haust Vinter Regntid Tørketid
           
Årstidene