Opna hovudmenyen

Jón Þór Birgisson

islandsk songar

Jón Þór "Jónsi" Birgisson (ˈjouːn ˈθouːr ˈpɪrkɪsɔn, ˈjounsɪ) (fødd 23. april 1975) er gitarist og vokalist i det islandske post-rock-bandet Sigur Rós. Han er kjend for å spele gitar med ei cello-boge, og er blind på høgre auge. Jón er ope homofil[1].

Jón Þór Birgisson
Jón Þór Birgisson at the Roskilde Festival in 2006.jpg
Fødd 23. april 1975
Reykjavík
Yrke songar, musikar, gitarist, vokalist, singer-songwriter
Jón Þór Birgisson på Commons
Jón i New York i 2012

Han er fødd og oppvaksen i Reykjavik på Island, og var med i grunge rock-bandet Stoned frå 1992-1993. Han var òg vokalist og frontfigur i bandet Bee Spiders i ei kort periode. Han starta Sigur Rós i 1994 saman med bassist Georg Hólm og trommeslagar Ágúst Ævar Gunnarson.

KjelderEndra

  1. «Icelandic rock». The Economist. June 14, 2001. Arkivert frå originalen 2001-06-15.