Opna hovudmenyen

Jórgos Kapoutzídis

gresk manusforfattar og skodespelar

Jórgos Kapoutzídis (gresk Γιώργος Καπουτζίδης) (fødd 31. juli 1972 i Sérres) er ein gresk manusforfattar og skodespelar. Han er skaparen av dei to kritikarroste suksessfulle greske fjernsynsseriane Savvatogenniménes og Sto pará 5.

EurovisionEndra

Eurovision Song Contest 2006Endra

Kapoutzídis var kommentator for Ellinikí Radiofonía Tileórasi under Eurovision Song Contest 2006 i Aten i Hellas. Han skreiv òg manuset til programleiarane María Menoúnos og Sákis Rouvás.

EUROSONG 2013 - a MAD showEndra

Saman med Déspina Vandí var han programleiar for EUROSONG 2013 - a MAD show, den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.

Eurovision Song Contest 2013Endra

Under Eurovision Song Contest 2013 var han kommentator for den greske kringkastaren Ellinikí Radiofonía Tileórasi og kanalen ERT HD saman med María Kozakou.

EUROSONG 2014 - a MAD showEndra

Òg under EUROSONG 2014 - a MAD show, den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark, var han programleiar saman med Déspina Vandí.[1]

Eurovision Song Contest 2014Endra

Kapoutzídis var kommentator for den greske kringkastaren Néa Ellinikí Radiofonía, Ínternet kai Tileórasi under finalen i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Kringkastaren starta sendingane sine 4. mai 2014, berre seks dagar før finalen i Eurovision Song Contest 2014, og erstatta Ellinikí Radiofonía Tileórasi, som han hadde vore kommentator for tidlegare. [2]

FotnotarEndra

KjelderEndra