Eurovision Song Contest 2006

Eurovision Song Contest 2006 (ESC 2006), offisielt 51. Eurovision Song Contest, var den 51. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Olymbiakό Kleistό Gymnastírio i Aten i Hellas. Semifinalen fann stad 18. mai 2006 og finalen fann stad 20. mai 2006. Finland vann tevlinga med songen «Hard Rock Hallelujah», framført på engelsk av Lordi. «Hard Rock Halleluja» vart den fyrste rockesongen som vann tevlinga, sidan Eurovision ofte vert assosiert med pop og schlager. Det var fyrste gongen Finland vann etter å ha delteke i 45 år. Programleiarane var den greske songaren Sákis Rouvás, som representerte Hellas i 2004 og 2009, og den gresk-amerikanske programleiaren og skodespelaren María Menoúnos.[1] I semifinalen song Rouvás og Menoúnos «Love Shine A Light», vinnarsongen til Katrina and the Waves frå 1998. Rouvás framførte òg ein engelsk versjon av hans greske hit «S'ékho erotefthí» kalla «I'm In Love With You». Élena Paparízou som vann Eurovision Song Contest 2005 i Kiev i Ukraina framførte vinnarsongen «My Number One» samt «Mambo!». Ein offisiell CD og DVD vart gjeve ut og ein ny introduksjon var ein offisiell fanbok gjeve ut frå dette året, og kvart år for å kome med detaljert informasjon frå kvart land.

Eurovision Song Contest 2006
Feel The Rhythm
Offisiell tittel
51. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinalen 18. mai 2006
Finalen 20. mai 2006
Vertskap
Stad
Olymbiakό Kleistό Gymnastírio i Aten i Hellas
Programleiar(ar)
Sákis Rouvás og María Menoúnos
Kringkastar(ar)
Ellinikí Radiofonía Tileórasi
Varigskap
Opningsnummer
Semifinalen «Love Shine A Light» av Sákis Rouvás og María Menoúnos
Finalen «The Mermaid Song» av Foteini Darra og «My Number One» av Élena Paparízou
Pausenummer
Semifinalen «I'm In Love With You» av Sákis Rouvás
Finalen «Mambo!» av Élena Paparízou
Bidrag
Røystesystem
Kvart land gav 1–8, 10 og 12 poeng til deira ti favorittsongar.
Antal bidrag
37 land. 24 i finalen. 23 i semifinalen.
Debuterte
Armenia
Trekte seg
Austerrike
Ungarn
Serbia og Montenegro
Kart
ESC 2006 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje kvalifiserte seg til finalen ██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Røysting
Vinnar
Finland med «Hard Rock Halleluja» av Lordi
Eurovision Song Contest
Kiev 2005 Helsingfors 2007

Song nummer 1 000 i tevlinga, «Every Song Is a Cry for Love», vart framført av Brian Kennedy for Irland i semifinalen. Armenia deltok i tevlinga for fyrste gong.

Format endre

Visuelt design endre

Den offisielle logoen var lik den som vart nytta i 2004 og 2005, men flagget i hjartet vart bytta ut med det greske flagget. Logoen vart sett saman av den offisielle logoen samt ein del laga av designbyrået Karamela. Ifylgje Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) var den «inspirert av vinden og sjøen, den gylne sol og gløden av sand». Etter at Istanbul hadde vald mottoet «Under The Same Sky» og Kiev hadde vald «Awakening» vart mottoet i 2006 «Fel The Rhythm». Dette vart òg nytta som grunnlag for postkorta som vart syna før kvar framføring, som understreka den historiske tydinga til Hellas samt at landet er eit stort moderne turistmål.

Røysting endre

For å spare tid i finalen fekk ein berre røyste i ti minutt og då poenga vart lest opp vart dei sju fyrste poenga syna på skjermen i staden for. Talspersonane las berre opp poenga 8, 10 og 12. Sjølv om ein fekk ned tida under vart det framleis fleire problem under røystgjevinga. Då Nederland skulle gje poeng gjekk Menoúnos av scena og bak til green room. På grunn av problem med mikrofona fekk ikkje Rouvás kontakt med ho. Det var òg problem med lasting av resultattavlar av di dei hang seg opp og programleiarane og talspersonane byrja å prate før dei vart syna på skjermen. Den nederlandske talspersonen Paul de Leeuw laga òg problem då han gav mobilnummeret sitt til Rouvás og nytta meir tid då han las opp dei fyrste sju poenga. Khonstantínos Khristofórou, som representerte Kypros i 1996, 2002 og 2005, helsa frå «Nikosia, den siste delte hovudstaden i Europa». Då Kypros las opp poenga syna sendinga at poenga kom frå Sveits. Røystinga vart òg kritisert av di ein berre las opp dei tre poeng i staden for alle ti. For fyrste gong vart Makedonia presentert som «Former Yugoslav Republic of Macedonia» i staden for med forkortinga «FYR Macedonia» eller «F.Y.R. Macedonia». Etter 2006 har Makedonia berre vorte presentert som «F.Y.R. Macedonia».

Bidraga endre

Semifinalen endre

I semifinalen deltok 23 land: Dei ti dårlegaste plasserte landa frå finalen i 2005 og tolv av landa som ikkje kvalifiserte seg frå semifinalen i 2005. I tillegg deltok debutantlandet Armenia.[2]

Nr. Land Artist Song Omsetjing Språk Plass Poeng
01   Armenia André «Without Your Love» Utan kjærleiken din Engelsk 6 150
02   Bulgaria Mariana Popova «Let Me Cry» La meg gråte Engelsk 17 36
03   Slovenia Anžej Dežan «Mr Nobody» Eit null Engelsk 16 49
04   Andorra Jennifer Serrano «Sense tu» Utan deg Katalansk 23 8
05   Kviterussland Palina Smolava «Mum» «Mamma» Engelsk 22 10
06   Albania Luiz Ejlli «Zjarr e ftohtë» Brann og kaldt Albansk 14 58
07   Belgia Kate Ryan «Je t'adore» Eg forgudar deg Engelsk 12 69
08   Irland Brian Kennedy «Every Song Is a Cry for Love» Kvar song er eit rop om kjærleik Engelsk 9 79
09   Kypros Annét Artáni «Why Angels Cry» Kvifor englar græt Engelsk 15 57
10   Monaco Séverine Ferrer «La Coco-Dance» Coco-dansen Fransk, tahitisk 21 14
11   Makedonia Elena Risteska «Ninanajna» Engelsk, makedonsk 10 76
12   Polen Ich Troje med Real McCoy «Follow My Heart» Følg hjartet mitt Engelsk, polsk, tysk, russisk, spansk 11 70
13   Russland Dima Bilan «Never Let You Go» Let deg aldri gå Engelsk 3 217
14   Tyrkia Sibel Tüzün «Süperstar» Superstjerne Tyrkisk, engelsk 8 91
15   Ukraina Tina Karol «Show Me Your Love» Vis meg kjærleiken din Engelsk 7 146
16   Finland Lordi «Hard Rock Hallelujah» Hardrock-halleluja Engelsk 1 292
17   Nederland Treble «Amambanda» Engelsk, kunstig språk 20 22
18   Litauen LT United «We Are the Winners» Me er vinnarane Engelsk, fransk 5 162
19   Portugal Nonstop «Coisas de nada» Meiningslause ting Engelsk, portugisisk 19 26
20   Sverige Carola «Invincible» Uovervinneleg Engelsk 4 170
21   Estland Sandra Oxenryd «Through My Window» Gjennom vindauget mitt Engelsk 18 28
22   Bosnia-Hercegovina Hari Mata Hari «Lejla» Layla Bosnisk 2 229
23   Island Silvía Night «Congratulations» Gratulerer Engelsk 13 62

Finalen endre

  • Finalen vart kringkasta 20. mai 2006 frå Olymbiakό Kleistό Gymnastírio i Aten.
  • Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland, kalla dei fire store, og vertslandet Hellas var direktekvalifisert til finalen.
  • Dei ti beste landa i finalen i Eurovision Song Contest 2005 og dei ti beste frå semifinalen i Eurovison Song Contest 2006 kvalifiserte seg til finalen. Totalt deltok 24 land i finalen.
  • Serbia og Montenegro trekte seg frå tevlinga og vart bytta ut med Kroatia. Landet fekk røyste i finalen, men det var berre mogleg å røyste i Serbia. Under poengutdelinga sa Jovana Janković, som las opp poenga frå Serbia og Montenegrino, «som de veit så har me ingen song til dykk i år, men eg lovar at me vil gje dykk den beste neste år». Året etter vann Serbia telvinga og Janković fekk vere programleiar då tevlinga vart halden i Beograd i 2008.
Nr. Land Artist Song Omsetjing Språk Plass Poeng
01   Sveits six4one «If We All Give a Little» Om vi alle gjev litt Engelsk 17 30
02   Moldova Arsenium med Natalia Gordienko «Loca» Sprø jente Engelsk 20 22
03   Israel Eddie Butler «Together We Are One» Saman er vi éin Hebraisk, engelsk 23 4
04   Latvia Cosmos «I Hear Your Heart» Eg høyrer hjartet ditt Engelsk 16 30
05   Noreg Christine Guldbrandsen «Alvedansen» Norsk 14 36
06   Spania Las Ketchup «Un Blodymary» En Bloody Mary Spansk 21 18
07   Malta Fabrizio Faniello «I Do» Eg gjer Engelsk 24 1
08   Tyskland Texas Lightning «No No Never» Nei, nei, aldri Engelsk 15 36
09   Danmark Sidsel Ben Semmane «Twist of Love» Twist av kjærleik Engelsk 18 26
10   Russland Dima Bilan «Never Let You Go» Let deg aldri gå Engelsk 2 248
11   Makedonia Elena Risteska «Ninanajna» Engelsk, makedonsk 12 56
12   Romania Mihai Trăistariu «Tornerò» Eg kjem tilbake Engelsk, italiensk 4 172
13   Bosnia-Hercegovina Hari Mata Hari «Lejla» Layla Bosnisk 3 229
14   Litauen LT United «We Are the Winners» Me er vinnarane Engelsk 6 162
15   Storbritannia Daz Sampson «Teenage Life» Tenåringsliv Engelsk 19 25
16   Hellas Ánna Víssi «Everything» Alt Engelsk 9 128
17   Finland Lordi «Hard Rock Hallelujah» Hardrock-halleluja Engelsk 1 292
18   Ukraina Tina Karol «Show Me Your Love» Vis meg kjærleiken din Engelsk 7 145
19   Frankrike Virginie Pouchain «Il était temps» Det var tid Fransk 22 5
20   Kroatia Severina «Moja štikla» Mine stiletthælar Kroatisk 13 56
21   Irland Brian Kennedy «Every Song Is a Cry for Love» Kvar song er eit rop om kjærleik Engelsk 10 93
22   Sverige Carola «Invincible» Uovervinneleg Engelsk 5 170
23   Tyrkia Sibel Tüzün «Süperstar» Superstjerne Tyrkisk, engelsk 11 91
24   Armenia André «Without Your Love» Uten kjærleiken din Engelsk 8 129

Tidlegare deltakarar endre

Deltakar Land Tidlegare år Tidlegare land Deltok som Plassering i tidlegare tevling
Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
Ánna Víssi   Hellas 1980   Hellas Artist 030 13
1982   Kypros Artist og
låtskrivar
085 05
Eddie Butler   Israel 1999 (del av Eden)   Israel Artist 093 05
Viktoras Diawara
(del av LT United)
  Litauen 2001 (del av SKAMP)   Litauen Artist og
låtskrivar
035 13
Fabrizio Faniello   Malta 2001   Malta Artist 048 09
Michał Wiśniewski
(del av Ich Troje)
  Polen 2003 (del av Ich Troje)   Polen Artist og
låtskrivar
090 07
Justyna Majkowska
(del av Ich Troje)
  Polen 2003 (del av Ich Troje)   Polen Artist 090 07
Jacek Łągwa
(del av Ich Troje)
  Polen 2003 (del av Ich Troje)   Polen Artist og
låtskrivar
090 07
Carola   Sverige 1983   Sverige Artist 126 03
1991   Sverige Artist 146 01
Ralph Siegel
(med Mauro Balestri)
  Sveits 1974 (med Michael Kunze)   Luxembourg Låtskrivar 014 04
1976 (med Kurt Hertha)   Vest-Tyskland Låtskrivar 012 15
1979 (med Bernd Meinunger)   Vest-Tyskland Låtskrivar 086 04
1980 (med Bernd Meinunger)   Vest-Tyskland Låtskrivar 128 02
1980 (med Bernd Meinunger,
Pierre Delanoë og Jean-Paul Cara)
  Luxembourg Låtskrivar 056 09
1981 (med Bernd Meinunger)   Vest-Tyskland Låtskrivar 132 02
1982 (med Bernd Meinunger)   Vest-Tyskland Låtskrivar 161 01
1985 (med Bernd Meinunger og
Jean-Michel Beriat)
  Luxembourg Låtskrivar 037 13
1987 (med Bernd Meinunger)   Vest-Tyskland Låtskrivar 141 02
1988 (med Bernd Meinunger)   Vest-Tyskland Låtskrivar 041 14
1990 (med Michael Kunze)   Vest-Tyskland Låtskrivar 060 09
1992 (med Bernd Meinunger)   Tyskland Låtskrivar 027 16
1994 (med Bernd Meinunger)   Tyskland Låtskrivar 128 03
1997 (med Bernd Meinunger)   Tyskland Låtskrivar 022 18
1999 (med Bernd Meinunger)   Tyskland Låtskrivar 140 03
2002 (med Bernd Meinunger)   Tyskland Låtskrivar 017 21
2003 (med Bernd Meinunger)   Tyskland Låtskrivar 053 11
Bernd Meinunger
(med Ralph Siegel)
  Sveits 1979 (med Ralph Siegel)   Vest-Tyskland Låtskrivar 086 04
1980 (med Ralph Siegel)   Vest-Tyskland Låtskrivar 128 02
1980 (med Ralph Siegel,
Pierre Delanoë og Jean-Paul Cara)
  Luxembourg Låtskrivar 056 09
1981 (med Ralph Siegel)   Vest-Tyskland Låtskrivar 132 02
1982 (med Ralph Siegel)   Vest-Tyskland Låtskrivar 161 01
1985 (med Ralph Siegel og
Jean-Michel Beriat)
  Luxembourg Låtskrivar 037 13
1987 (med Ralph Siegel)   Vest-Tyskland Låtskrivar 141 02
1988 (med Ralph Siegel)   Vest-Tyskland Låtskrivar 041 14
1992 (med Ralph Siegel)   Tyskland Låtskrivar 027 16
1994 (med Ralph Siegel)   Tyskland Låtskrivar 128 03
1997 (med Ralph Siegel)   Tyskland Låtskrivar 022 18
1999 (med Ralph Siegel)   Tyskland Låtskrivar 140 03
2002 (med Ralph Siegel)   Tyskland Låtskrivar 017 21
2003 (med Ralph Siegel)   Tyskland Låtskrivar 053 11
Željko Joksimović   Bosnia-Hercegovina 2004 (med Ad Hoc Orchestra)   Serbia og Montenegro Artist 263 02 263 01

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. «In pictures: Eurovision 2006» (på engelsk). BBC News. 21. mai 2006. Henta 9. mars 2013. 
  2. «Eurovision Song Contest 2006 – Semi Final». eurovision.tv. 2017. Henta 3. september 2017.