Jórgos Seféris

gresk diplomat og poet

Jórgos Seféris (fødd 29. februarjul./ 13. mars 1900greg. i Vourla, død 20. september 1971 i Aten), opphavleg Jórgos Stylianos Sefériadis, var ein gresk forfattar og diplomat. Han blir rekna som den viktigaste nygreske diktaren og essayisten, og som hovudinitiator til rørsla 30-åras generasjon som fullførte innføringa av modernismen i nygresk litteratur.

Jórgos Seféris

Fødenamn Γιώργος Σεφέρης
Pseudonym Γιώργος Σεφέρης
Statsborgarskap Hellas
Fødd 13. mars 1900
Urla
Død

20. september 1971 (71 år)
Aten

Yrke lyrikar, diplomat, omsetjar, skribent
Språk gresk
Far Stilianos Seferiadis
Mor Despo Tenekidi
Ektefelle Maro Seferi
Signatur
Jórgos Seféris på Commons
Byste av Jórgos Seféris.

Han vann nobelprisen i litteratur i 1963 «för hans framstående lyriska diktning, inspirerad av djup känsla för den hellenska kulturvärlden.»[1][2]

Seféris var son av Despoina Tenekidi og juristen Stylianos Sefériadis; faren skreiv dikt og omsette antikke og utanlandske ditarar. Etter at første verdskrigen braut ut flytta familien til Aten der Severis tok artium i 1917. Han studerte jus i Paris og var eit år i England for å forbetre engelskkunnskapane. I 1925 vendte han tilbake til Hellas og gjekk året etter inn i det greske diplomatiet. Den første diktsamlinga hans, Strofi, kom i 1931. Under andre verdskrigen var han i eksil saman med eksilregjeringa fram til 1944. Han publiserte ei erklæring mot det greske militærdiktaturet i 1969 og gravferda hans blei til eit demonstrasjonstog mot diktaturet.

Referansar

endre
  1. «for his eminent lyrical writing, inspired by a deep feeling for the Hellenic world of culture»
  2. Nobeltildelinga 1963 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff

endre