Józef Kozłowski
polsk komponist
Józef Kozłowski (1757–11. mars 1831) var ein polsk-russisk komponist.
Józef Kozłowski
russisk Osip Antonovitsj Kozlovskij, Осип Антонович Козловский | |||
| |||
Fødd | 1757 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Warszawa, Q4380888 | ||
Død | 11. mars 1831 (73 år) | ||
Dødsstad | St. Petersburg | ||
Opphav | Det russiske imperiet, Polen, Det polsk-litauiske samveldet | ||
Sjanger | opera | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | komponist, organist, songar, musikkpedagog |
Kozłowski var fødd i Warszawa. Han flytta til Russland i 1786. Han var med i den russisk-tyrkiske krigen som adjutant for prins Dolgorukij, og kom då i gunst hjå fyrst Grigorij Potemkin. Denne tok han med til Sankt Petersburg, der Kozłowski blei hoffkapellmeister. I tillegg til mykje skodespelmusikk komponerte han godt likte poloneser, blant anna ei for kor og orkester ('Sigersrop må lyda') som lenge gjorde teneste som russisk nationalsong. Vidare skreiv han nokre messer, ein Te Deum, to rekviem og fleire songar.
Han døydde 11. mars (27. februar i den julianske kalenderen) 1831 i Sankt Petersburg.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Józef Kozłowski» frå Wikipedia på svensk, den 9. august 2022.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Kozłowski, Józef Antonovitj i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1911)