Jökulsárlón
Jökulsárlón er den største, og kanskje den mest kjende, bresjøen på Island. Han ligg ved sørenden av isbreen Vatnajökull mellom Skaftafell nasjonalpark og Höfn. Han oppstod først i 1934-1935 og voks frå 7,9 km² i 1975 til minst 18 km² i dag på grunn av kraftig smelting av isbreen. Med eit djup på om lag 200 meter er Jökulsárlón no truleg den nest djupaste innsjøen på Island.
Jökulsárlón | |||
innsjø | |||
Land | Island | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Bresjø | ||
Areal | 18 km² | ||
Største djupn | om lag 200 m | ||
Koordinatar | 64°03′08″N 16°21′37″W / 64.05222°N 16.36028°W | ||
Jökulsárlón 64°04′13″N 16°12′42″W / 64.070277777778°N 16.211666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Jökulsárlón |
Jökulsárlón ligg heilt ved kysten og erosjon frå isbreen og elva som renn ut frå innsjøen vil truleg gjere han om til ei vik eller ein fjord ein gong i framtida. Det er planar om å hindre dette sidan den einaste vegen i området går over eit smalt eid mellom innsjøen og havet.
Innsjøen ligg like ved Hringvegur, den islandske ringvegen, og bussar har rute mellom Höfn og Reykjavík og stoppar vanlegvis her. Innsjøen er fylt med isfjell, som har kalva frå breen Breiðamerkurjökull.
Nær Jökulsárlón ligg det to andre bresjøar, Fjallsárlón og Breiðárlón.
I media
endreFleire filmar har scenar frå Jökulsárlón, inkludert Beowulf og Grendel, Tomb Raider, Die Another Day (James Bond), Batman Begins og A View to a Kill (James Bond).
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Bilete
- Foto-essay av ein tur til Jökulsárlón Arkivert 2009-02-18 ved Wayback Machine.
- Bilete av Jökulsárlón frå www.islandsmyndir.is
- Informasjon Arkivert 2011-05-17 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Jökulsárlón frå Engelsk Wikipedia .