Jørgen Brekke (fødd 26. april 1968)[1] er ein norsk kriminalforfattar. Han debuterte i 2011 med romanen Nådens omkrets.[2] Andreboka, Drømmeløs, vart utgjeven i januar 2012[3], og den tredje i serien, Menneskets natur, kom i februar 2013.[4]

Jørgen Brekke
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. april 1968 (55 år)
Horten kommune
Yrke Forfattar, journalist
Periode 2011-
Sjanger Kriminallitteratur
Debut Nådens omkrets

Brekke er oppvaksen i Horten og er utdanna lektor frå NTNU. Han er busett i Trondheim og arbeider deltid innan omsorg og som frilansjournalist.[5] Han har mellom anna skrive for magasinet Levende Historie.[6]

Debutboka fekk positive kritikkar,[7] var hovudbok i Bokklubben Nye Bøker og er seld til ti land.[5] Brekke fekk Norlis debutantpris for boka.[8]

Trondheimspolitimannen Odd Singsaker er hovudperson i dei tre første bøkene hans, og hendingar langt attende i historia er delar av handlinga.

Bøker endre

Kriminalromanar endre

  • 2011 – Nådens omkrets[9]
  • 2012 – Drømmeløs[10]
  • 2013 – Menneskets natur[11]
  • 2014 – Doktor Fredrikis kabinett
  • 2016 – Paradisplaneten
  • 2017 – Avgrunnsblikk
  • 2018 – Alle kan drepe

Ungdomsbøker endre

  • 2016 – Akademiet (Oppdrag Mars 1)
  • 2017 – Reisen (Oppdrag Mars 2)
  • 2018 – Planeten (Oppdrag Mars 3)

Bidrag i antologiar endre

  • 2014 – Påskekrim 2014 : 18 kriminalnoveller
  • 2015 – Årets påskekrim : 13 kriminalnoveller fra spenningens mestere
  • 2015 – Påskekrim 2015 : 17 kriminalnoveller
  • 2017 – Påskekrim 2017 : 17 krimnoveller

Prisar og utmerkingar endre

Referansar endre

  1. ««Jørgen Brekke (26.04.1968)»». forfatterkatalogen.no. Henta 15. februar 2013. 
  2. «Månedens debutant i mars: Jørgen Brekke». Kritikerlaget. 8. mars 2011. Henta 6. februar 2012. 
  3. Torbjørn Ekelund (16. januar 2012). «Smittende fortellerglede og høy underholdningsverdi». dagbladet.no. Henta 6. februar 2012. 
  4. «Presentasjon av Menneskets natur». Nettstaden til Gyldendal Norsk Forlag. Henta 15. februar 2013. 
  5. 5,0 5,1 «Jørgen Brekke». Nettstaden til Gyldendal forlag. Henta 6. februar 2012. 
  6. Vibeke Johnsen (26. januar 2011). «Suksess før noen har lest han». side2.no. 
  7. «Nådens omkrets». Nettstaden til Gyldendal forlag. Henta 6. februar 2012. 
  8. 8,0 8,1 «Vinneren av Norlis debutantpris». Nettstaden til Kritikerlaget. 8. februar 2012. 
  9. Jørgen Brekke (2011). Nådens omkrets. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. 
  10. Jørgen Brekke (2012). Drømmeløs. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. 
  11. Gyldendal Norsk Forlag (2013). Gyldendal Litteratur Vår 2013. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. s. 26. 
  12. Fikk debutpris Artikkel i avisa Laagendalsposten publisert 26. oktober 2012.

Bakgrunnsstoff endre