J.M. Coetzee

(Omdirigert frå J. M. Coetzee)

John Maxwell Coetzee[a] (fødd 9. februar 1940) er ein sørafrikansk forfattar.

J.M. Coetzee

Statsborgarskap Sør-Afrika, Australia
Fødd 9. februar 1940 (84 år)
Cape Town
Yrke lingvist, omsetjar, romanforfattar, essayist, librettist, manusforfattar, universitetslærar, lyrikar, skribent, prosaforfatter, kritikar
Språk Afrikaans, engelsk
Medlem av American Academy of Arts and Sciences, Royal Society of Literature
Religion ateisme
J.M. Coetzee på Commons

Han er den første som har fått Bookerprisen to gonger, og vann i 2003 Nobelprisen i litteratur med grunngjevinga at han «i talrika förklädnader framställer utanförskapets överrumplande delaktighet.»[1]


Liv og karriere endre

Coetzee har nederlandske røter, men vaks opp i ein engelskspråkleg familie, sjølv om han òg fekk kjennskap til afrikaans i barndomen.[2] Mora Vera var lærar i grunnskolen, faren Zacharias var ein jurist som under den andre verdskrigen kjempa i Nord-Afrika på dei allierte si side. Han arbeidde som advokat ved byadministrasjonen i Kappstaden frå 1948, men mista jobben på grunn av si apartheidkritiske haldning. Etter det budde familien på ein farm i Worcester i tre år.[3]

J. M. Coetzee studerte engelsk og matematikk ved universitetet i Cape Town[4] Etter å ha tatt bachelorgrad i desse to fagområda arbeidde han som programmerar i England og seinare i USA. Denne tida skildrar han i det andre bindet i dei romanliknande mamoarane sine, Youth. Scenes from Provincial Life II (2002). I 1963 tok han ein M.A.-grad i engelsk ved universitetet i Cape Town. Same året gifta han seg med Philippa Jubber (1939–1991) – dei skildest i 1980. Saman har dei barna Nicolas (1966–1989) og Gisela (fødd 1968).

I 1965 tok Coetzee doktorgraden i engelsk og lingvistikk ved universitetet i Austin, USA og underviste seinare ved State University of New York at Buffalo. I 1970 deltok han i protestane mot Vietnamkrigen[5] og blei arrestert saman med 44 andre frå lærarkollegiet etter at dei okkuperte ein lesesal ved universitetet i Buffalo,[6] og då han i 1972 søkte om fornya opphaldstillating blei han nekta vidare opphald i USA. Familien flytta då tilbake til Sør-Afrika, der Coetzee underviste i engelsk, lingvistikk og allmenn litteraturvitskap ved universitetet i Cape Town. I 1984 fekk han eit professorat. Seinare underviste han igjen ved ulike lærestader i USA. Samstundes med lærar- og forfattargjerninga omsette han romanar og lyrikk frå nederlandsk og afrikaans.[7] Frå 2002 har Coetzee budd og undervist i Adelaide i Australia. 6. mars 2007 blei han australsk statsborgar[8]

Coetzee sitt første litterære verk, Dusklands (1974) inneheld The Vietnam Project ogThe Narrative of Jacobus Coetzee. Samanstillinga av dei to uavhengige fortalde delane viser til parallellar mellom amerikanarane sitt nærvær i Vietnam og den nederlandske koloniseringa av Sør-Afrika på 1700-talet. Coetzee tek ofte opp dei sosiale og politiske misforholda i heimlandet i verka sine og set menneskelegdomen i høgsetet. Einskildskjebnar blir allegoriar for heile menneskeslekta sin skjebne.

I 1980 fekk Coetzee Central News Agency Literary Award, den mest høgthengande sørafrikanske litteraturprisen, for romanen Waiting for the Barbarians. I 1983 fekk han Bookerprisen for Life & Times of Michael K, og i 1999 for Disgrace.[9] Coetzee har òg vunne ei rad andre prisar for bøkene sine.

Verk endre

Coetzee er mest kjend for romanane sine, men han skriv òg i andre sjangrar. Han publiserer ei mengd essays der han ofte tek opp litteraturteoretiske spørsmål. Til dels blandar han sjangrane essay og roman. Eit døme er Elizabeth Costello (2003) som inneheld ei forelesningsserie av ei fiktiv australsk forfattarinne berre samanheldt av ein laus handlingstråd. I Diary of a Bad Year (2007) blandar han essayforma og ei fiktiv romanhandling på same tid og på same sider. Spørsmål han tek opp i essaya sine dukkar ofte opp i romanane.

Einskilde av Coetzee sine verk har sjølvbiografiske trekk, men dei er samstundes så sterkt fiksjonalisert at det ikkje er mogleg å finne eit klårt skilje mellom «verkelege» og oppdikta hendingar. Coetzee kan sjølv dukke opp som romankarakter, men når ein ser bort frå i litteraturen sin, er han sparsam med ytringar om sin eigen person og eigne verk. Unntaket er boka Doubling the Point der han fortel meir utførleg om seg sjølv. Elles er han av den meining at all litteratur har sjølvbiografiske og politiske aspekt.[10]

Mottaking endre

Coetzee fekk internasjonal suksess allereie med den første utgjevinga, Dusklands (1974). Etter dette har alle bøkene hans seld godt og fått ei mengd omtalar og fortolkningar, og vore gjenstand for fleire litteraturvitskapelege arbeid. Internasjonalt har Coetzee aldri vore spesielt kontroversiell som forfattar, men i heimlandet Sør-Afrika var han under apartheid-tida rekna som elitær, og blei skulda for å vere politisk konturlaus. I utlandet vart han derimot heller akta som ein opposisjonell forfattar.

Tildelinga av litteraturprisen i 2003 har til dels blitt rekna som politisk motivert.[11][12]

Bibliografi endre

Romanar og noveller endre

Sjølvbiografiske romanar endre

  • Boyhood (1997) - norsk oversettelse 2002: Barndom; ISBN 82-02-20730-4
  • Youth (2002) - norsk oversettelse 2003: Ungdom; ISBN 82-02-21359-2
  • Summertime (2009) - norsk oversettelse 2010: Sommer

Essays og sakprosa endre

  • White Writing. On the Culture of Letters in South Africa (1988)
  • Doubling the Point (1992)
  • Giving Offense. Essays on Censorship (1997)
  • The Lives of Animals (1999)
  • The Humanities in Africa (2001)
  • Stranger Shores. Literary Essays 1986-1999 (2002)
  • Inner Workings. Literary Essays 2000-2005 (2007

Merknadar endre

  1. Uttalt [kuˈt͜sɪə]

Referansar endre

  1. Pressemelding på nobelprize.org
  2. Ulrich Horstmann: J. M. Coetzee, Peter Lang: Frankfurt am Main (2005), s. 20
  3. Manfred Loimeier: J. M. Coetzee, edition text + kritik: München (2008), s. 46
  4. The Nobel Prize in Literature 2003
  5. Manfred Loimeier: J. M. Coetzee, edition text + kritik: München (2008), s. 48
  6. A rare interview with literary giant J. M. Coetzee. Buffalo News vom 13. Oktober 2002.
  7. http://www.mg.co.za/articlePage.aspx?articleid=265916&area=/breaking_news/breaking_news__national/
  8. http://www.mg.co.za/articlePage.aspx?articleid=265916&area=/breaking_news/breaking_news__national/
  9. Gibbons, Fiachra (26 October 1999). «Absent Coetzee wins surprise second Booker award». The Guardian. Henta 2. august 2009. 
  10. Manfred Loimeier: J. M. Coetzee, edition text + kritik: München (2008), s. 8ff.
  11. Ulrich Horstmann: J. M. Coetzee, Peter Lang: Frankfurt am Main (2005), s. 8
  12. Manfred Loimeier: J. M. Coetzee, edition text + kritik: München (2008), s. 7f.

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur