Opna hovudmenyen

The JSD Band var eit skotsk keltisk rock- og folkrockband som hovudsakleg var aktive frå 1969 til 1974 og igjen ei kort stund i 1997 og 1998. Bandet gav ut fem studioalbum og fleire singlar.

JSD Band
OpphavSkottland
Aktiv1969–1974,1997–1998, sidan 2013
SjangerKeltisk rock, folkrock
Tilknytte artistarBarbara Dickson, Barry & Robin Dransfield, Happy Traum, Humblebums, Planxty, Brenda Wootton
PlateselskapRegal Zonophone, Cube, KRL, Polydor

Innhaldsliste

BandetEndra

The JSD Band vart skipa i 1969 og tok namn etter den første bokstaven i førenamnet il dei tre medlemmane: Jim Divers, Sean O’Rourke og Des Coffield.[1] Chuck Fleming og Colin Finn kom òg med i gruppa slik at dei bestod av i alt fem medlemmar. I tillegg spelte felespelaren Lindsay Scott stundom for Chuck Fleming i 1972.

I starten spelte bandet i visemiljøet med andre artistar som Billy Connolly og Gerry Rafferty frå Humblebums og Barbara Dickson. Etter å ha blitt lagt merke til for å ha blanda skotsk folkemusikk med elektrisk rock, vann dei Scottish Folk Group Championships i Usher Hall i Edinburgh og spelte på BBC Radio 1 med DJ John Peel og på BBC Two sitt Old Grey Whistle Test med Bob Harris. I 1972 vart dei inviterte til å varme opp for David Bowie under den britiske delen av Ziggy Stardust-turneen.

I 1971 gav JSD Band ut debutalbumet sitt, kalla Country of the BlindRegal Zonophone.[2] To album på Cube Records følgde sidan: JSD Band (ofte kalla The Black Album; 1972) og Travelling Days (1973).

Etter Travelling Days kom ut i 1973, gav gruppa ut tre singlar: "Sarah Jane/Paddy Stacks" (1973), "Sunshine Life For Me (Sail Away Raymond)/Reel Call" (1974) og "Hayes and Harlington Blues/Cuckoo" (1974). I juli 1974 vart bandet oppløyst av forskjellige årsaker.

The JSD Band kom saman att ein kort periode i 1997 og 1998 og gav ut to album til på KRL Records, For the Record i 1997, som bestod av akustiske nyinnspelingar av tidlegare songar og Pastures of Plenty i 1998 som bestod av nye songar med den langvarige venen av gruppa, Rob Mairs, på femstrengs banjo.

DiskografiEndra

  • Country of the Blind (1971) - Regal Zonophone
  • JSD Band (1972) - Cube
  • Travelling Days (1973) - Cube
  • For the Record (1997) - KRL
  • Pastures of Plenty (1998) - KRL

KjelderEndra

  1. Peel, John, (1971), Sleeve notes for album JSD Band
  2. JSD Albums

BakgrunnsstoffEndra