Jabal Amel
Jabal Amel (arabisk جبل عامل jabal ʿāmil) er eit fjellområde i Sør-Libanon. Sjiasamfunnet i Jabal Amil er av dei eldste i historia og berre sjiasamfunnet i Medina er eldre, etter å ha vorte omvendt til sjiaislam av Abu Dharr al-Ghifari, ein av følgjesveinane til profeten Muhammed og ein tidleg støttespelar til Ali.
Jabal Amel | |||
fjellkjede | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Sør guvernement | ||
Del av | Sør-Libanon | ||
Regionen er kalla opp etter Banu 'Amilah, eit jemensk folk som i lag med slektningane Hamadan, Lakhm og Judham, folkesette Syria, Palestina, delar av Jordan og Libanon. Området vart kalla Jabal 'Amilah i antikken og seinare Jabal 'Amil (Jabal Amel). Ei segn fortel at folket Banu 'Amilah flytta frå Jemen til Levanten i før-islamsk tid på grunn av ein flaum som oppstod då Ma'aribdammen vart øydelagd.
Byar
endreDei største byane i Jabal Amil er:[1]
Kjende innbyggjarar
endre- Hassan Kamel Al-Sabbah, ein vitskapsmann
- Mohamad Bazzi, ein amerikansk journalist
- Hassan Al Amin (1908–2002), ein forskar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jabal Amel» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Staff (2000). «Jabal Amel: The Cradle of Knowledge and the Land of Freedom» (PDF). Noor al-Islam: Islamic cultural magazine (Beirut, Libanon: Imam Hussain Foundation). 6th Year (No. 71-72). Arkivert frå originalen (PDF) 28. september 2007. Henta 10. juli 2014.
- ↑ قرى جبل عامل (Ẓāhir, Sulaymān) (2006). الشيخ سليمان ظاهر (Muʻjam qurá Jabal ʻĀmil - Lexicon: Villages of the Jabal Amel) (på arabisk). Beyrouth, Libanon: مؤسسة الإمام الصادق للبحوث في تراث علماء جبل عامل (Mu'assasat al-Imām al-Ṣādiq lil-Buḥūth fī Turāth 'Ulamā' Jabal 'Āmil - Scholars' Heritage Imam Sadiq Foundation for Research in Jabal Amel).; Volume 1 at GoogleBooks, Volume 2 at GoogleBooks