Simeonfjellet

(Omdirigert frå Jabal Simeon)

Jabal Simeon eller Simonfjellet (arabisk جبل سمعان, Jabal Semʻān), òg kalla Laylūn (arabisk جبل ليلون), er eit høgland i Aleppo guvernement nord i Syria. Fjellet ligg i Jabal Simeon og Aʻzāz-distrikta i Aleppo guvernement.

Simeonfjellet
fjell
Land  Syria
Guvernement Aleppo guvernement
Høgd 876 moh.
Kart
Simeonfjellet
36°16′34″N 36°49′21″E / 36.276°N 36.8225°E / 36.276; 36.8225

Namn endre

Namnet på fjellet kjem frå St. Simeon, ein kristen eremitt på 400-talet som levde i eit kloster på fjellet.

Det antikke namnet på fjellet var Nebo, etter den mesopotamske guden Nabu. Ordet Nebo finst framleis i namna på fleire landsbyar på fjellet (Kafr Nebbo, Nebbol, etc.).

Namnet Laylūn er av kurdisk opphav.

Landskap endre

Jabal Simeon er ein del av Belusmassivet vest på Aleppoplatået. Det ligg kring 20 km nordvest for Aleppo. Fjellet strekker seg 50 km frå nord til sør med ei breidd på 20–40 km og ei gjennomsnittleg høgd på 500–600 moh. Det høgaste punktet er Sheikh Barakāt (876 moh) i sørlege delen av fjellet.

Dalen ʻIfrīn går mellom Jabal Simeon og Kurd-Dagh i vest. Aʻzāzdalen markerer nordgrensa til fjellet og på andre sida ligg Aʻzāz-sletta og BarsaAintabplatået. Dalen til elva Quweiq går langs austsida av fjellet. Sør for fjella ligg Dāna og Ataribsletta. Gamle ruter knyt Qinnasrin til Antiokia og går over desse slettene til ʻIfrīndalen der han snur vestover, og skil Jabal Simeon frå Ḥārimfjella i sør.