Jacek Wszoła
Jacek Roman Wszoła (fødd 30. desember 1956) er ein polsk, tidlegare friidrettsutøvar frå Warszawa, som konkurrerte i høgdehopp. Han vart olympisk meister i øvinga i 1976 og tok sølv fire år seinare. I tida 1974-88 vann Wszoła elleve polske meisterskap i høgdehopp.
Jacek Wszoła | |
Jacek Wszoła i 2007 | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 30. desember 1956 (67 år) Warszawa |
Yrke | friidrettsutøvar |
Språk | polsk |
Høgd | 195 centimeter |
Jacek Wszoła på Commons |
Aktiv
endreWszoła høyrde til mellom dei beste høgdehopparane allereie som 17-åring. I 1974 svinga han seg over 2,20 m, og han vart same sesongen nummer fem i europameisterskapen med 2,19 m. Året etter vart han junior-europameister med eit hopp på 2,22 m i Athen.
Under OL 1976 i Montreal var han ein av dei som ikkje let seg sette ut av eit ausande regnver. Saman med arrangørlandet sin Greg Joy klarte han 2,23 m i fyrste forsøk, men vart den einaste som gjekk over 2,25 m og tok ein høgst overraskande gullmedalje. I 1977 vann han høgdetevlinga både i innandørs-EM i San Sebastian og universiaden i Sofia.
Den 25. mai 1980 forbetra Wszoła den to år gamle verdsrekorden til Vladimir Jasjtsjenko med ein centimeter til 2,35 m under ein internasjonal tevling i Eberstadt. To månader seinare tok han sølvmedaljen under sommarleikane 1980 i Moskva, der austtyske Gerd Wessig vann på 2,36 m og sletta Wszoła sin ferske verdsrekord. Wszoła fekk ikkje delta i friidretts-EM 1982, ettersom han nytta sko av eit japansk merke og ikkje skoa til den faste sko-leverandøren til det polske friidrettsforbundet.
Wszoła vart polsk meister i høgdehopp elleve gongar. Fyrst vann han sju år på rad; 1974-1980, og deretter i 1982, 1984, 1985 og 1988.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jacek Wszoła» frå Wikipedia på tysk, den 12. april 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Jacek Wszoła» frå Wikipedia på engelsk, den 12. april 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Jacek Wszoła» frå Wikiedia på polsk, den 12. april 2015.