Jacinto Benavente
Jacinto Benavente y Martínez (12. august 1866–14. juli 1954) var ein spansk dramatikar og journalist som i 1922 blei tildelt Nobelprisen i litteratur «för det lyckliga sätt varpå han fullföljt den spanska dramatikens ärofulla traditioner.»[1][2]
Jacinto Benavente | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 12. august 1866 Murcia |
Død |
14. juli 1954 (87 år) |
Yrke | skodespelforfattar, journalist, skribent, politikar, lyrikar, filmregissør, advokat |
Sjanger | dramaturgi, teater |
Medlem av | Real Academia Española |
Far | Mariano Benavente |
Jacinto Benavente på Commons |
Liv
endreJacinto Benavente var fødd i Madrid. Han studerte jus i heimbyen, men då faren døydde avbraut han studiet. Den store arven etter faren – ein kjend lege – gjorde det mogleg for Benavente å gjere lange reiser gjennom Europa. Attende i Spania skreiv han for aviser og tidsskrift. Seinare var han sjefsredaktør i tidsskriftet La vida literaria og arbeidde likeeins for tidsskrifta La Ilustración og El imparcial. Teaterstykket Gente conocida blei eit gjennombrot og var starten på ein glitrande karriere som heldt fram til han døydde. Dei nesten 200 skodespela han skreiv var ein stor vinst for utviklinga av det spanske teateret.
Benavente støtta Franco under den spanske borgarkrigen, noko som skada ryet hans, særleg i utlandet. Like fullt blir han rekna som grunnleggaren av det spanske teateret.
Jacinto Benavente døydde ugift i Madrid, 87 år gammal.
Verk i utval
endre- La ciudad alegre y confiada (1916)
- Los intereses creados (1908)
- Su amante esposa (1950)
Kjelder
endre- ↑ "for the happy manner in which he has continued the illustrious traditions of the Spanish drama."
- ↑ Nobeltildelinga 1922 på nobelprize.org
Bakgrunnsstoff
endre- Jacinto Benavente på Nobel-winners.com
- Nobeltildelinga 1922 på nobelprize.org
- Literatur av og om Jacinto Benavente[daud lenkje] i katalogen til Ibero-Amerikanisches Institut i Berlin
- Verk av og om Jacinto Benavente i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
Litteratur
- Brockhaus Nobelpreise. Chronik herausragender Leistungen. Bibliographisches Institut, Mannheim, 2. opplag 2004, ISBN 978-3765304910