Opna hovudmenyen
Plasseringa til Jacksonøya i Frans Josefs land

Jacksonøya eller Frederick Jackson-øya (russisk Остров Джексона, Ostrov Dzjeksona) er ei øy i Frans Josefs land i Russland. Øya er ein del av den mindre øygruppa Zitsjy land sentralt i Frans Josefs land.

Jacksonøya strekkjer seg 40 km frå aust til vest og er opp mot 30 km brei.

Nordvest på øya ligg DeLong-bukta. Ho er kalla opp etter den uheldige amerikanske polfararen George W. DeLong. Bukta deler øya inn i nesten to like store halvøyar. I sør grenser bukta til Kapp Bystrov, som fekk namn i 1963 etter den russiske paleontologen A.P. Bystrow.

Jacksonøya er kalla opp etter den engelske polfararen Frederick Jackson. Han utforska og gav namn til fleire øyar i Frans Josefs land. Jackson-Harmswort-ekspedisjonen (1894—1897) var støtta økonomisk av Royal Geographical Society.

HistorieEndra

Kapp Noreg (81°12′N 55°37′E) på vestsida av øya var staden der Fridtjof Nansen og Hjalmar Johansen overvintra 1895-96 i eit mislukka forsøk på å nå Nordpolen. Det står framleis ei hytte og ein leir her.

 
Plakett på Jacksonøya

Nærliggande øyarEndra

  • Ostrova Aleksandra (Острова Александра; Aleksanderøyane) er ei gruppe småøyar utanfor nordvestenden av Jacksonøya, nær kysten. Øya vart kalla opp etter feltmarskalk Alexander von Krobatin (1849-1933), som støtta den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen økonomisk og som var krigsminister i Austerrike-Ungarn 1912-1917. Ostrov Sputnik ligg ved 81° 21' N; 55° 35' E. Desse småøyane må ikkje forvekslst med Aleksandra land som ligg lenger vest i same øygruppa.
  • Ostrov Ommani (Остров Оммани; Ommanneyøya) er ei lita halvmåneforma øy som ligg 11 km nordvest for Jacksonøya. Øya er kalla opp etter polutforskaren sir Erasmus Ommanney, som i 1850 la ut på Austin-Ommaney-ekspedisjonen på leit etter Sir John Franklin.
  • Ostrov Kharly (Остров Харли; Harleyøya) er ei 10 km lang og smal øy. Ho ligg 15 km vest for Jacksonøya. Det høgaste punktet er 82 meter over havet. Ho er kalla opp etter polutforskaren Daniel W. Harley, som med sir Albert Hastings Markham reiste med HMS «Alert» i 1875–76.
  • Ostrov Levanevskogo (Остров Леваневского; Levanevskijøya) er ei lita øy 1 km sør for Harleyøya. Øya er kalla opp etter den sovjetiske piloten Sigismund Levanevsky, stundom omtalt som «den russiske Lindbergh», som forvann i Arktis i 1937-38 og aldri vart funne.
  • Ostrov Kling (Остров Клинг; Klingøya) er ei lita øy 4 km sørvest for Jacksonøya. Øya er kalla opp etter kaptein Alfred Kling som tok del i den tyske ekspedisjonen til Wilhelm Filchner i 1911-1912 til Antarktis.
  • Ostrov Nitsj (Остров Нич; Nitsjøya) er ei lita øy i DeLong-bukta.
  • Utanfor austsida av Jacksonøya ligg to små øyar kalla Ostrova Makgi (Острова Макги; Mageeøyane). Desse vart kalla opp etter Billy Magee som var med på ekspedisjonen til Ernest Oberholtzer i 1912, der dei reiste om lag 5000 km.
  • Ostrov Kverini (Остров Кверини; Queriniøya) er ei øy i ei bukt på sørsida av Jacksonøya. Øya er kalla opp etter den italienske utforskaren Francesco Querini, som mista livet i Cegni-ekspedisjonen i 1909.

KjelderEndra