Apostelen Jakob den yngre

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Apostelen Jakob.

Jakob den yngre eller Jakob Alfeusson var ein av Jesu læresveinar og ein av dei tolv utvalde apostlane. Han vert kalla Jakobus Minor eller Jakob den yngre fordi han vart kalla til apostel seinare enn Jakob den eldre, slik det m.a. er omtalt i Matteusevangeliet.[1]

Jakob den yngre

DødJerusalem
Tittelapostel
Identifisert medJakob den rettferdige, Jakob, son til Alfeus
MorMaria
Iacobus minor, statue frå 1850

Det nye testamentet nemner personar ved namnet Jakob fleire gonger. Det må dreie seg om minst to ulike personar, truleg minst tre og kanskje så mange som åtte.

Jakob den yngre vart lenge rekna for å vere identisk med Jakob, Jesu bror, forfattaren av Jakobs brev i Det nye testamentet. I dag er det vanlegare å gå ut ifrå at det dreier seg om to ulike personar – ein Jakob, son av Alfeus, som var ein av dei tolv læresveinane, og ein Jakob, Jesu bror, som skreiv Jakobs brev og som hadde ein leiande posisjon i den eldste kyrkja.

Jakob den yngre er rekna som forfattar av nokre apokryfe skrifter, mellom andre Jakobs evangelium.

Jakob vart høgtida saman med Filip ved gaukmesse den 1. mai. I Den katolske kyrkja er minnedagen sidan 1969 lagd til 3. mai.

I kunsten vert Jakob den yngre framstilt som biskop av Jerusalem med ei bok eller skriftrulle som apostelsymbol. Den fremste helgenattributten hans er ei valkarklubbe, som han etter tradisjonen vart ihelslegen med. I desse framstillingane ser det ut til at Jakob den yngre og Jakob, Jesu bror, er rekna for å vere éin og same person.

Kjelder endre

Referansar endre