Jacob Darre

norsk prest og medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll

Jacob Hersleb Darre (20. november 175715. desember 1841) var ein norsk prest og eidsvollsmann.

Jacob Darre

Fødd20. november 1757
Overhalla
Død15. desember 1841 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSjølvstendepartiet
YrkePrest
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
BarnHans Jørgen Darre
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Alle verv
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814)
  • sokneprest Sjå dette på Wikidata

Darre var fødd i Overhalla, der far hans var sokneprest. Sjølv vart han student i 1776 og cand. theol. i 1784. Han tok deretter til som personalkapellan hos far sin i Overhalla, i 1792 vart han residerande kapellan i Orkdal. I den lange perioden 1797-1833 var han sokneprest i Klæbu.

I 1814 var Darre utsending frå Søndre Trondhjems amt til riksforsamlingaEidsvoll. Han tilhøyrde Sjølvstendepartiet. 17. mai 1814 var han medlem av deputasjonen som møtte Kristian Fredrik. Dagboka hans frå Eidsvoll vart seinare trykt i Historisk Tidsskrift.

Darre døydde i Klæbu i 1841.

Kjelder

endre