Jacob Darre
norsk prest og medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
(Omdirigert frå Jacob Hersleb Darre)
Jacob Hersleb Darre (20. november 1757–15. desember 1841) var ein norsk prest og eidsvollsmann.
Jacob Darre | |||
| |||
Fødd | 20. november 1757 Overhalla | ||
---|---|---|---|
Død | 15. desember 1841 (84 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sjølvstendepartiet | ||
Yrke | Prest | ||
Utdanna ved | Københavns Universitet | ||
Barn | Hans Jørgen Darre | ||
Medlem | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab | ||
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll | ||
Alle verv |
|
Darre var fødd i Overhalla, der far hans var sokneprest. Sjølv vart han student i 1776 og cand. theol. i 1784. Han tok deretter til som personalkapellan hos far sin i Overhalla, i 1792 vart han residerande kapellan i Orkdal. I den lange perioden 1797-1833 var han sokneprest i Klæbu.
I 1814 var Darre utsending frå Søndre Trondhjems amt til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han tilhøyrde Sjølvstendepartiet. 17. mai 1814 var han medlem av deputasjonen som møtte Kristian Fredrik. Dagboka hans frå Eidsvoll vart seinare trykt i Historisk Tidsskrift.
Darre døydde i Klæbu i 1841.
Kjelder
endre- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914, B. 1 D. 1 : Biografier A-K side 189, digital utgåve
- Biografisk informasjon om Jacob Darre NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Jacob Hersleb Darre frå Eidsvoll 1814