Jacob Roll frå Spydeberg

norsk politikar

Jacob Roll (10. januar 179423. november 1857) var ein norsk gardbrukar, brukseigar og stortingsmann frå Spydeberg i Østfold.

Jacob Roll frå Spydeberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. januar 1794
Spydeberg kommune
Død

23. november 1857 (63 år)
Spydeberg kommune

Yrke politikar, brukseier, bonde
Språk norsk

Roll var son til ein sorenskrivar. Han overtok garden Haugen i Spydeberg frå far sin, der han også hadde sagbruk og mylnebruk. Frå 1837 til -41 var han den fyrste ordføraren i Spydeberg, på ny ordførar 1847-51. Tida 1843-56 var han forlikskommissær.

Roll representerte Smaalenenes amtStortinget frå 1836 til 1851. Han møtte første gongen 26. mai 1836 og på omframstortinget 1836-37 som 1. varamann, i staden for Ole Korfitssen Lund. Sidan var han fast representant. Han var 1836 medlem av kyrkjekomiteen, 1839, -45 og -48 av militærkomiteen og 1851 av militærkomite nr 1. Elles var han medlem av næringskomite nr 2 i 1842 og av valkomiteen i 1851.

Han døydde på eigedomen sin i Spydeberg i 1857.

Kjelder endre