Jacques Le Goff

fransk historikar

Jacques Le Goff (1. januar 19241. april 2014) var ein produktiv fransk historikar frå Toulon. Han arbeidde fram om alt med tida mellom år 1100 og 1300. Le Goff var ein leiande talsmann for Annales-skulen, ei historierørsle som legg vekt på langsiktige trendar framfor politikk, diplomati og krig, dei tema som dominerte i historieforskinga på 1800-talet. Frå 1972 til 1977 var han rektor ved École des hautes études en sciences sociales (EHESS). Le Goff hevda mellomalderen danna ein eigen sivilisasjon, åtskild både frå den greske og den romerske antikken på den eine sida, og frå den moderne verda.

Jacques Le Goff

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 1. januar 1924
Toulon
Død

1. april 2014 (90 år)
Paris, 10. arrondissement

Yrke historikar, fransk motstandskjemper, mellomalderhistorikar, forskar
Språk fransk, italiensk, engelsk, tysk, polsk
Politisk parti Parti socialiste unifié
Medlem av Academia Europaea, Det polske vitenskapsakademi, Medieval Academy of America
Religion agnostisisme
Jacques Le Goff på Commons

Liv og gjerning endre

Le Goff er ein internasjonalt kjend og anerkjend forskar på mellomalderen. Han vart den fremste etterfylgjaren i rørsla kjend som Annales. I 1972 tok han over etter Fernand Braudel som rektor på École des hautes études en sciences sociales i Paris. Saman med Pierre Nora var han ein leiande figur i Nouvelle histoire på 1970-talet, ei retning som la vekt på kulturhistoria.

Seinare vigde han seg til studiar av den historiske antropologien til dei vest-europeiske samfunna i tidsrommet nemnt som mellomalderen. Le Goff er kjend for å bestride både nemninga mellomalderen, og for tidsetjinga av denne. Han viser til både framsteg i perioden og til variasjonane i den, særleg ved å framvise nydanninga og oppblomstringa på 1100-talet.

I si bok La naissance du purgatoire (Fødselen åt skjærselden) frå 1981 hevdar han at førestillinga om skjærselden som ein fysisk stad, meir enn berre ein tilstand, har sitt opphav i det 12. hundreåret. Førestillinga oppstod samstundes som det florerte med forteljingar om reiser til overjordiske stader og rike, så som irske Visio Tnugdali, og av pilegrimars forteljingar om St. Patrick’s Purgatory, ein grottelik inngang til ein underfull stad på ei fjerntliggjande øy ved Irland der sjeler vart reinsa for synd.

Agnostikaren Le Goff plasserte seg i ein lik avstand mellom dei som talar nedsetjande om mellomalderen og dei som forsvarar den. Han argumenterte for at mellomalderen danna ein eigen sivilisasjon.

I sine eldre år skreiv han to biografiar som hausta åtgaum. Den eine handlar om franskekongen Ludvig XIV sitt liv, den andre om den italienske klosterbroren Frans av Assisi.

I 2004 vart Le Goff tildelt den nederlandske Heineken-prisen. Han døydde i Paris, 90 år gammal.

Verk endre

  • Le Goff, J. og P. Nora: Att skriva historia, 1978 (svensk)

Kjelder endre