Fernand Braudel (24. august 190227. november 1985) var ein fransk historikar. Gjennom bruk av innsikter frå andre vitskapar, så som økonomi, antropologi og geografi, var han med og endra historievitskapen. Han var ein leiande representant for Annales-skulen sin historiografi; denne legg stor vekt på grundige, historiske analysar av samfunnsvitskaplege data av ymse slag.

Fernand Braudel

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 24. august 1902
Luméville-en-Ornois
Død

27. november 1985 (83 år)
Cluses

Yrke historikar, universitetslærar
Språk fransk
Medlem av Académie française, Serbias vitenskaps- og kunstakademi, Det ungarske vitskapsakademiet, Heidelberger Akademie der Wissenschaften, American Academy of Arts and Sciences, Heidelberger Akademie der Wissenschaften, Det bayerske vitskapsakademiet, Det polske vitenskapsakademi
Ektefelle Paule Braudel
Fernand Braudel på Commons

Liv og gjerning endre

Braudel vart fødd og voks opp i småbyen Luméville i Meuse-departementet. Han studerte ved eliteuniversitetet Institut d'études politiques de Paris. Deretter flytta han i 1923 til den då franske kolonien Algerie der han underviste i historie. I 1932 reiste han tilbake til Paris og arbeidde som gymnaslærar. Han vart kjent med Lucien Febvre, ein av grunnleggarane av tidsskriftet Annales. Påverka av Febvre kom han til å interessere seg for dei lange linjer (la longue duree) i historia.

Saman med Febvre reiste han i 1935 til Brasil. I dei to neste åra var dei med å utvikle universitetet i São Paulo. Under tida i Brasil vart han elles kjent med landsmannen, antropologen Claude Lévi-Strauss. Også han inspirerte Braudel og hans historieforsking.

Braudel melde seg til krigsteneste i hæren i 1939. Etter den tyske invasjonen i Frankrike våren 1940 vart han teken til fange. Han sat sidan krigsfange i ein leir nær Lübeck i Nord-Tyskland. I fangetida utvikla han, etter minnet, sitt store verk La Méditerranée et le Monde Méditerranéen a l'époque de Philippe II. Sjølv sa han seinare at han som ”nordbo” hadde forelska seg i Middelhavet og kulturane der.

Etter verdskrigen arbeidde Braudel saman med Febvre ved École Pratique des Hautes Études i seksjonen som forska på sosial og økonomisk historie. I 1949 vart han professor ved Collège de France, og i perioden 1956 til 1972 var han leiar for seksjonen for samfunnsvitskap ved École Pratique des Hautes Études i Paris.

I 1962 skreiv Braudel det som skulle vere ei lærebok i historie på grunnfagsnivå, kalla Ecrits sur l'Histoire (”Sivilisasjonane si historie”). Ettersom verket avviste historievitskapens tradisjonelle hendingsbaserte framstilling, avslo utdanningsdepartementet å godkjenne boka.

Ved sidan av La Méditerranée, er trebandsverket Civilisation Matérielle, Economie et Capitalisme, XVe-XVIIIe hans mest kjente verk. Verket kom første gong ut i 1979 og er ei vidsveim skildring av den førindustrielle, moderne verda. Framstillinga byggjer på nøyaktige data basert på omfattande klimastudiar, med vekt på menneska sine økonomiske tilpassingar. Til liks med alle hans hovudverk søker det å vise samanheng mellom økonomi og dei samfunnsmessige verknader som økonomiske hendingar hadde. Verket legg mykje vekt på mat, skikkar og alle former for motar.

Økomiske syklusar endre

Braudel hevdar at den kapitalistiske økonomien går gjennom syklusar som strekker seg over lange tidebolkar, og at den første av desse oppstod i Europa på 1100-talet. Sjølvstyrte byar, og seinare nasjonalstatar, følgde etter ein annan som sentrum for desse syklusane: Venezia (1250–1510), deretter Antwerpen (1500–1569) og Amsterdam (1570–1733), til sist London og England (1733–1896).

Braudel meiner strukturar, her under normer for samvær, oppførsel, skikkar, konvensjonar, så vel som litterære strukturar og infrastrukturen, dannar grunnlaget for den seinare verdsdominansen til kulturar utgått frå Europa. Desse kulturane vart bygt og utvikla i bystatar som frå mellomalderen av og gjennom langvarige sjølvstende ytte mykje, ja, kanskje har hovudansvaret for at dei samfunna som lærte av desse har vore så vidt vellukka, heilt opp til våre dagar.

Braudel vigde mykje av si forsking på menneske i marginale posisjonar. Han viser kor viktige liva til slavar, liveigne, bønder og dei fattige i byane har vore, liv som frå ein historisk synsstad ofte har vore oppfatta som flyktige og historisk uvesentlege. Han viser kva desse menneska har ytt av rikdom og makt til sine herrar og sine samfunn. Ofte verkar det som han meiner det er desse menneska som er det eigentlege grunnlaget for sivilisasjon.

Braudel har vorte rekna som ein av dei fremste av dei historikarane som legg vekt på å avdekke og synleggjere omfattande, sosioøkonomiske faktorar i historieforskinga og i presentasjonen av historiekunnskapen.

Han døydde i kommunen Cluses i Haute-Savoie-departementet.

Verk på norsk endre

  • Fernand Braudel:Kapitalismens dynamikk. 1986