Jaded av Aerosmith

Jaded
Singel av Aerosmith
frå albumet Just Push Play
B-side

Angel's Eye

Utgjeve 20. februar 2001
Sjanger
Lengd 3:34
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar)
Produsent
Aerosmith-kronologi 
«Angel's Eye»
(2000)
Jaded «Just Push Play»
(2001)


«Jaded» er ein song av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith. Han vart skriven av vokalisten Steven Tyler og låtskrivarkollegaen Marti Frederiksen. Songen vart gjeven ut som første singel frå det 13. studioalbumet til bandet, Just Push Play (2001). Songen fekk den offentlege debuten sin på American Music Awards og vart òg spelt på pauseshowet til Super Bowl XXXV i januar 2001. Han vart rangert som nr. 86 på VH1 si liste over dei 100 beste songane frå 2000-åra.[3]

«Jaded» skulle bli den siste hitten til Aerosmith i dei fleste territorium. Han nådde toppen av både den amerikanske Billboard Mainstream Rock- og UK Rock Chart, medan han nådde topp 10 på Billboard Hot 100 og i Canada og Skottland. På UK Singles Chart nådde songen 13. plassen og vart den åttande topp 20-singlen til bandet på den lista. Han er per no den siste topp 40-hitten deira i Storbritannia. «Jaded» nådde i tillegg topp 20 i Italia, Nederland og Spania. I 2002 vart han nominert til ein Grammy Award for beste rockesong av ein duo eller gruppe med vokal.[4]

Tekst og musikk endre

Tyler vart inspirert til å skriva songen basert på at han gjekk glipp av store delar av barndomen til dottera Liv Tyler medan han var på turné med bandet sitt.[5] Teksten til songen handlar om ei jente som er «jaded» (‘utbrent’), og korleis forholdet forteljaren har til jenta nokre gonger er «komplisert», men hevdar at «I'm the one that jaded you.» Tyler uttalte at «Då eg kom på melodien til ‘Jaded’, var han så fenomenal at eg ei stund var redd for å gjera litt meir med han. Eg fortalde det ikkje eingong til bandet.»[5]

Singelomslag endre

Omslaget til singelen var noko kontroversiell, med ei naken kvinne som held eit eple på coveret. Modellen på coveret er Nicole West.

Musikkvideo endre

Videoen til «Jaded» viser Aerosmith opptre i lobbyen til Los Angeles Theater, og klipp av ein jenta som er «jaded» (skodespelaren Mila Kunis). Songen fortel ei historie om ei jente som har mista evna til å kjenna fordi ho har mista kontakten med røyndommen.

Los Angeles Theater er eit filmpalass i sentrum av Los Angeles og er ekstravagant utforma i fransk rokokkostil. Videoen viser òg ballsalen/loungen, trappeavsatsen på veg til ballsalen, auditoriet og mellomgangen. I korridoren blir det brukt anten ein spegel eller spesialeffektar for å mangedobla dørene og få korridoren til å verka endelaus.

Det finst to versjonar av videoen, mykje av opptaka er dei same, sjølv om dei blir brukte på litt ulike stader, og nokre bilete har alternative vinklar. I den første versjonen har opningsbiletet ei rask innzooming på scena, Steven Tyler bles inn i kameraet, og han blir vist når musikken startar i mellomspelet i skogen. I den andre versjonen har opningsbiletet ein langsam zoom på scena, ein hestestatue bles inn i kameraet, og Tyler blir ikkje vist når musikken startar i skogsmellomspelet.

Videoen hadde premiere på MTV 13. februar 2001, og vart regissert av Francis Lawrence. Videoen vart kåra til årets beste hardrockvideo ved Billboard Music Video Awards, og årets video ved Boston Music Awards.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Steven Tyler og Marti Frederiksen, utanom der andre nemnde.

Amerikansk maxi-CD-singel[6]
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Jaded» (albumversjon) 3:34
2.«Jaded» (akustisk mix) 3:34
3.«Angel's Eye» 3:21
4.«Jaded» (Guitars mix) 3:34
5.«Under My Skin» (reprise)Tyler, Joe Perry, Frederiksen, Mark Hudson1:00
Amerikansk og britisk 7"-singel[7][8]
Nr.TittelLengd
1.«Jaded» (albumversjon)3:34
2.«Angel's Eye»3:22
Britisk CD-singel[9]
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Jaded» (albumversjon) 3:34
2.«Won't Let You Down»Tyler, Perry, Frederiksen, Hudson3:36
3.«I Don't Want to Miss a Thing»Diane Warren4:59
Britisk kassettsingel[10]
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Jaded» (albumversjon) 3:34
2.«I Don't Want to Miss a Thing»Warren4:59
Europeisk CD1[11]
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Jaded» 3:34
2.«Won't Let You Down»Tyler, Perry, Frederiksen, Hudson3:37
Europeisk CD2[12]
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Jaded» 3:34
2.«Won't Let You Down»Tyler, Perry, Frederiksen, Hudson3:37
3.«Angel's Eye» 3:22
4.«I Don't Want to Miss a Thing»Warren4:59
Australsk CD-singel[13]
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Jaded» (albumversjon) 3:34
2.«Jaded» (akustisk mix) 3:34
3.«Angel's Eye» 3:21
4.«Under My Skin» (reprise)Tyler, Perry, Frederiksen, Hudson1:00

Salslister endre

Vekeslister endre

Vekesliste for «Jaded»
Liste (2001) Plassering
Australia (ARIA)[14] 51
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[15] 47
Canada (Nielsen SoundScan)[16] 6
Europa (Eurochart Hot 100)[17] 31
Tyskland (Media Control AG)[18] 48
Irland (IRMA)[19] 42
Italia (FIMI)[20] 11
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[21] 17
Nederland (Mega Single Top 100)[22] 54
New Zealand (RIANZ)[23] 41
Skottland (Official Charts Company)[24] 9
Spania (PROMUSICAE)[25] 18
Sverige (Sverigetopplistan)[26] 42
Sveits (Schweizer Hitparade)[27] 30
UK Singles (Official Charts Company)[28] 13
UK Rock & Metal (OCC)[29] 1
US Billboard Hot 100[30] 7
US Adult Pop Songs (Billboard)[31] 6
US Mainstream Rock (Billboard)[32] 1
US Pop Songs (Billboard)[33] 6

Årslister endre

Årsliste for «Jaded»
Liste (2001) Plassering
Canada (Nielsen SoundScan)[34] 56
Canada Radio (Nielsen BDS)[35] 10
US Billboard Hot 100[36] 47

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[37] Gull 500 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. Taylor, Chuck, red. (20. januar 2001). «Reviews & Previews – Spotlight» (PDF). Billboard 113 (3): 24. Henta 27. september 2020. 
  2. Rivadavia, Eduardo (28. februar 2017). «Aerosmith Albums Ranked». Loudwire. Henta 16. mars 2021. 
  3. Anderson, Kyle (29. september 2011). «U2, Rihanna, Amy Winehouse, Foo Fighters fill out VH1's '100 Greatest Songs of the '00s'». Entertainment Weekly (Time Inc.). Henta 16. mai 2023. 
  4. «Aerosmith». Grammyprisar. 23. november 2020. Henta 16. mai 2023. 
  5. 5,0 5,1 «De 20 sangene som kan representere karrieren til Aerosmith». Society of Rock. Henta 16. mai 2023. 
  6. Jaded (US maxi-CD single liner notes). Aerosmith. Columbia Records. 2001. 44K 79555. 
  7. Jaded (US 7-inch single vinyl disc). Aerosmith. Columbia Records. 2001. 38-79572. 
  8. Jaded (UK 7-inch single vinyl disc). Aerosmith. Columbia Records. 2001. 670931 7. 
  9. Jaded (Britisk CD-singel liner notes). Aerosmith. Columbia Records. 2001. 670931 2. 
  10. Jaded (UK cassette single sleeve). Aerosmith. Columbia Records. 2001. 670931 4. 
  11. Jaded (European CD1 liner notes). Aerosmith. Columbia Records. 2001. COL 670752 1. 
  12. Jaded (European CD2 liner notes). Aerosmith. Columbia Records. 2001. COL 670752 2. 
  13. Jaded (Australian CD single liner notes). Aerosmith. Columbia Records. 2001. 670811.2. 
  14. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010 (PDF utg.). Mt Martha, Victoria, Australia: Moonlight Publishing. s. 9. 
  15. "Aerosmith – Jaded – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  16. «Aerosmith Chart History (Kanadiske Digital Songs)». Billboard. Henta 5. mars 2020. 
  17. «Eurochart Hot 100 Singles» (PDF). Music & Media 18 (13): 15. 24. mars 2000. Henta 5. mars 2020. 
  18. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  19. "Irish-charts.com – Discography Aerosmith". Irish Singles Chart. Henta 16. mai 2023.
  20. "Italiancharts.com – Aerosmith – Jaded". Top Digital Download. Hung Medien.
  21. "Nederlandse Top 40 – week 11, 2001" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
  22. "Dutchcharts.nl – Aerosmith – Jaded" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  23. "Charts.org.nz – Aerosmith – Jaded". Top 40 Singles. Hung Medien.
  24. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company.
  25. "Spanishcharts.com – Aerosmith – Jaded" Canciones Top 50. Hung Medien.
  26. "Swedishcharts.com – Aerosmith – Jaded". Topp 60. Hung Medien.
  27. "Aerosmith – Jaded – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  28. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  29. "Official Rock & Metal Singles Chart Top 40". Official Charts Company. Retrieved 16. mai 2023.
  30. "Aerosmith Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Aerosmith. Prometheus Global Media.
  31. "Aerosmith Album & Song Chart History" Billboard Adult Pop Songs for Aerosmith. Prometheus Global Media.
  32. "Aerosmith Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 16. mai 2023.
  33. "Aerosmith Album & Song Chart History" Billboard Pop Songs for Aerosmith. Prometheus Global Media.
  34. «Canada's Top 200 Singles of 2001». Jam!. Arkivert frå originalen 26. januar 2003. Henta 26. mars 2022. 
  35. «BDS CHART : Top 100 of 2001». Jam!. Arkivert frå originalen 1. juli 2002. Henta 26. mars 2022. 
  36. «Billboard Top 100 – 2001». Arkivert frå originalen 26. juli 2010. Henta 9. februar 2010. 
  37. «American single salstrofé – Aerosmith – Jaded». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH