Jakamarar
Jakamarar, Galbulidae, er ein familie som lever Sør-Amerika og Sentral-Amerika nord til Mexico. Dei 18 artane er nærmast relatert til dovenfuglar og saman dannar dei ordenen Galbuliformes. Generelt er dette låglandsfuglar, dei fleste med habitat i skog eller i randsona av skog, gjerne i lauvtaket.
Jakamarar | |
Rusthalejakamar (Galbula ruficauda) | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Spettefuglar Piciformes |
Underorden: | Galbuloidea |
Familie: | Jakamarar Galbulidae Vigors, 1825 |
Jakamarar er små til mellomstore fuglar frå 14 til 34 cm lange og veg mellom 17 og 75 g. Dette er skinande elegante fuglar med langt nebb og lang stjert. I utsjånad og åtferd kan dei minne om bietarar i «den gamle verda», men som dei fleste insektetarar som fangar insekt i lufta har bietarar tendens til å ha korte breie nebb i motsetnad til lange tynne hos jakamarar. Beina er korte og svake, og føtene har første og fjerde tå bakovervendt. Fjørdrakta er ofte lys og svært glinsande, sjølv om nokre artar har meir kjedeleg drakt. Det er mindre kjønnsbaserte ulikskapar i drakta, hannane har ofte ein kvit brystflekk som hoene manglar.
Jakamarar er insektetarar og tar ulike bytte i lufta, mange spesialiserer seg på sommarfuglar og møll. Fuglane kan sitte stille og åtake byttet når det er nært nok. Storjakamar er atypisk ved at han plukkar stillesittande insekt og dessutan tar små øgler og edderkoppar.
Det finst få grundige studiar av hekkevanar til jakamarar. Ein trur dei generelt er monogame, sjølv om nokre få artar organiserer seg i samarbeidande hekking kor fleire vaksne deler plikter. Fuglane er hòlerugarar med reir enten i bakken eller i termittuer i skogshabitat. Dei som hekkar i jorda gjer det vanlegvis i elvebreidda eller i vegkantar. Dei kan òg grave hòl ved opprivne røter i nedfallsskog. Ved elvebreiddene kan hekkinga somme tider vere i lausare koloniar. Storleiken på kulla varierer frå eitt til fire egg, begge foreldra medverkar i ruginga. Til skilnad frå spettar så er ungane kledde med dunfjør når dei vert klekte.
Artsliste
endreJakamarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
Slekt Galbalcyrhynchus
- Kvitøyrejakamar, Galbalcyrhynchus leucotis, White-eared Jacamar, LC, Des Murs, 1845
- Kastanjejakamar, Galbalcyrhynchus purusianus, Purus Jacamar, LC, Goeldi, 1904
Slekt Brachygalba
- Kvitmaskejakamar, Brachygalba albogularis, White-throated Jacamar, LC, Spix, 1824
- Brunjakamar, Brachygalba lugubris, Brown Jacamar, LC, Swainson, 1838
- Bleikhovudjakamar, Brachygalba goeringi, Pale-headed Jacamar, LC, Sclater & Salvin, 1869
- Mørkryggjakamar, Brachygalba salmoni, Dusky-backed Jacamar, LC, Sclater & Salvin, 1879
Slekt Jacamaralcyon
- Tretåjakamar, Jacamaralcyon tridactyla, Three-toed Jacamar, VU, Vieillot, 1817
Slekt Galbula
- Gulnebbjakamar, Galbula albirostris, Yellow-billed Jacamar, LC, Latham, 1790
- Blånakkejakamar, Galbula cyanicollis, Blue-cheeked Jacamar, LC, Cassin, 1851
- Rusthalejakamar, Galbula ruficauda, Rufous-tailed Jacamar, LC, Cuvier, 1816
- Grønhalejakamar, Galbula galbula, Green-tailed Jacamar, LC, Linné, 1766
- Kvithakejakamar, Galbula tombacea, White-chinned Jacamar, LC, Spix, 1824
- Blåpannejakamar, Galbula cyanescens, Bluish-fronted Jacamar, LC, Deville, 1849
- Koparjakamar, Galbula pastazae, Coppery-chested Jacamar, VU, Taczanowski & Berlepsch, 1885
- Purpurjakamar, Galbula chalcothorax, Purplish Jacamar, LC, Sclater, 1855
- Bronsejakamar, Galbula leucogastra, Bronzy Jacamar, LC, Vieillot, 1817
- Paradisjakamar, Galbula dea, Paradise Jacamar, LC, Linné, 1758
Slekt Jacamerops
- Storjakamar, Jacamerops aureus, Great Jacamar, LC, Müller, 1776
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jacamar» frå Wikipedia på engelsk, den 27. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tobias, J.; Züchner T.; T.A. de Melo Júnior (2002). «Family Galbulidae (Jacamars)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Jacamars to woodpeckers. Handbook of the Birds of the World. Band 7. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 84-87334-37-7.
Referansar
endre- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)