Jakob Helset

Båtbyggar frå Bjørkedalen

Jakob Kolbein Helset (fødd 20. mai 1937) er ein norsk bonde, båtbyggjar og tradisjonsformidlar frå Bjørkedalen i Volda. Han er fødd og bur i Pergarden på Helset. Han er son av Margreta Johanna Danielsd. Bjørkedal (1912-2003) og Nils Jakobss. Helset (1906-1981).

Jakob Helset

Jakob Kolbein Helset
Fødd 20. mai 1937 (86 år)
Bjørkedalen
Yrke Båtbyggjar, bonde
Jakob Helset lagar ei åre under båtstemne på Sunnmøre Museum

Jakob lærte båtbyggjing ved å hjelpe, seinare samarbeide med, far og bestefar i båtskotet på garden. Han har bygd omlag 120 båtar, dei fleste snekker og færingar. 16 av desse er mindre vikingskip, dei fleste kring 35 fot. Dei kjendaste er Kvinneskipet «Embla» og «Olav Trygvason» (seinare «Håkon Håkonson»), ein forminska kopi av Gokstadskipet. Ellers er desse båtane spreidde på mange stadar i Noreg, og delvis til utlandet.

Jakob Helset bygg ein færing i 2023

Jakob Helset var og ein av dei 6 båtbyggjarane frå Bjørkedalen som bygde Myklebustskipet på Nordfjordeid i 2016-19.

Han har vore ivrig til å framsnakke og demonstrere båtbyggjing, både i eige båtskot og vidare.

I Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal har Jakob Helset skrive kapittelet Møringsbåten. Bygging av færing. Han er og den som syner framgangsmåten i dei mange illustrasjonane. Han skriv og om båtdraging i artikkelsamlinga Båtbygging på Bjørkedalen.

Kjelder endre

  • Frode Sætre (2019). «Jakob Helset, den eldste av dagens båtbyggjarar i Bjørkedalen». I Frode Sætre. Båtbygging på Bjørkedalen, Artikkelsamling. Volda: Bjørkedal kystlag. s. 203-209. ISBN 978-82-303-4166-7.