Jakob J. Myklebust
Jakob Jakobsson Myklebust (9. november 1851–28. april 1922) var ein gardbrukar, ordførar og stortingsrepresentant frå Breim i Gloppen.
Jakob J. Myklebust | |
Fødd | 9. november 1851 Breim |
Død | |
Yrke | politikar, bonde |
Myklebust gjekk i yngre år på ein privatskule driven av Jakob Hjelmeset i Gloppen. Frå 1879 var han gardbrukar på farsgarden på Myklebust i Breim. Han var medlem av kommunestyret frå 1875, ordførar i Gloppen kommune frå 1884 til 1886. Deretter vart han den fyrste ordføraren i den utskilde Breim kommune, eit ombod han hadde frå 1886 til 1913.
I perioden 1886-91 representerte Myklebust Nordre Bergenhus på Stortinget. Han høyrde til Venstre og var 1886-88 medlem av tollkomiteen, siste perioden var han medlem av Lagtinget og av landbrukskomiteen. I Breim fekk han tilnamnet «Stortings-Jakob», han var vararepresentant til Stortinget i tre periodar. 1906-09 var han 1. varamann frå Nordfjord krins og møtte då på Stortinget i 1907 frå 8. juli, og i 1908 i tida 27. mai-30. juni.
Medan han sat på Stortinget fekk han i stand ei løyving på 5000 kroner til ein bygdeveg i heimbygda Myklebustdalen. Vegen er i dag fylkesveg 693, eller Myklebustvegen. [1]
Myklebust etablerte Myklebust meieri i 1876, det fyrste meieriet i Nordfjord. [2] Han spela ei sentral rolle då meieriet på Byrkjelo vart gjenoppretta kring år 1900.
KjelderEndra
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
NotarEndra
- ↑ «Minnestein om vegen til Myklebustdalen i Breim». Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005. Henta 8. september 2008.
- ↑ «Småmeieria i Gloppen og Breim». NRK. Henta 8. september 2008.