Jakob Mork

norsk gardbrukar og politikar

Jakob Larsson Mork (16. april 185421. mars 1938) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Kvernes herad på Nordmøre. Han var Venstre-representant på Stortinget åra 1916-21.

Mork var son til ein gardbrukar, og var sjølv gardbrukar på farsgarden frå 1883. I mange år dreiv han vinterfiske, frå 1887 til 1918 var han oppsynsbetjent under skreifisket på Nordmøre. Medlem i Kvernes heradsstyre frå 1884, ordførar i tida 1897-1913. Frå 1897 var han åstadskommissær, seinare også forlikskommissær i Kvernes.

Åra 1910-15 var Mork varamann til Stortinget frå einmannskrinsen Søndre Nordmør, møtte 8.-22.7.1911 i staden for Peder Kristvik. Ved stortingsvalet 1918 vart Mork vald til å representere einmannskrinsen Ytre Nordmør, attvald til Stortinget tre år seinare, men då frå Møre fylke. Han var 1919-21 medlem i Kyrkje- og skulekomiteen, 1922-24 nestformann i same komiteen.

Kjelder endre