Peder Kristvik

norsk lærar, gardbrukar og politikar (V)

Peder Bjørn Kristvik (15. juni 186210. april 1921) var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar og stortingsrepresentant frå KornstadNordmøre.

Peder Kristvik

Fødd15. juni 1862
Død10. april 1921 (58 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Kristvik var son av ein lærar og gardbrukar, som og var kyrkjesongar i Kornstad. Han utdanna seg i same retning som faren, vart seminarist frå Klæbu i 1883. Same året vart han lærar og kyrkjesongar i Hustad i Romsdal. Frå 1885 var han lærar på Harøya i Sandøy, lærar og kyrkjesongar i Bud frå 1897 til han døydde.

Kristivik hadde ei rekkje ombod og verv, både lokalt og vidare i Romsdal. Han var fyrst med i heradstyret i Sandøy, og frå 1902 til sin død medlem av heradstyret i Bud. Ordførar i Bud 1911-13. Han var formann i skulestyret, 1899-1904, og likningskommisjonen i Bud og medlem av overformynderiet. Formann i skulestyret i Møre og Romsdal 1919-21. Også formann i Romsdal krins av Norges Lærarlag.

Kristvik var varamann til Stortinget for Søndre Nordmøre krins perioden 1906-09, møtte i 1908 perioden 20. april-8. juli i staden for Hans Meisingset. Han var då medlem av næringskomite nr. 1. Stortingsrepresentant for same krinsen 1910-18. I 1910 vart han vald etter omval. Perioden 1910-12 var han medlem av næringskomite nr. 2, 1913-18 medlem av næringskomite nr 1. I siste perioden var han også medlem av valkomiteen.

I Bud budde Kristvik på skulegarden Inderhaug, og døydde der i 1921.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914