Jakob Remseth

norsk politikar

Jakob Martinus Remseth (5. oktober 18974. mai 1969) var ein norsk arbeidar og politikar, fødd i Dønnes og busett i Sauda. Han var stortingsrepresentant for valkrinsen Rogaland og Arbeidarpartiet i tida 1945 til 1965.

Jakob Remseth

Fødd5. oktober 1897
Dønna kommune
Død4. mai 1969 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, industriarbeider, motstandskjempar, politisk fange
Alle verv

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Remseth var son til ein gruve- og industriarbeidar, og voks mykje opp på Båsmoen i Mo i Rana. Seksten år gammal byrja han å arbeide i Båsmoen gruver, eit yrke han hadde til 1926, og som han kombinerte med arbeid på samvirkelaget i dei periodane gruvedrifta var redusert. I 1926 flytta han til Sauda og var dei neste 19 åra fabrikkarbeidar ved Electric Furnace Products Co. Ltd. i Sauda.

Politisk karriere endre

Remseth var medlem i heradsstyret i Sauda frå 1931 til 1955. Han var ordførar 1937–1941, då han vart avsett av okkupasjonsstyret, og på ny frå 1945 til 1951.

Hausten 1945 vart Remseth vald inn på Stortinget frå Rogaland, og sidan attvald fire gongar. Han var medlem 1945–1949 i Sosialkomiteen og frå 1950 i Kommunalkomiteen, formann i denne frå 7. februar 1963.

Kjelder endre