Jakob Tollefsen Dieseth

norsk politikar

Jakob Tollefsen Dieseth (16. juli 18168. juni 1861) var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar og stortingsmann frå Åmot i Hedmark.

Jakob Tollefsen Dieseth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. juli 1816
Død

8. juni 1861 (44 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Dieseth var son til ein gardbrukar i Åmot. Sjølv gjekk han Asker seminar og var frå 1838 til 1856 lærar og kyrkjesongar i Stor-Elvdal. Frå 1846 var han også gardbrukar på garden Mykleby i Stor-Elvdal.

1847-59 var Dieseth ordførar i heradsstyret i Stor-Elvdal, medlem av forlikskommisjonen frå 1846 til han døydde. I 1856 vart han frå skogeigarane i Stor-Elvdal tildelt ei sølvkanne for å ha verka til at dei fekk høgre prisar for tømmeret sitt.

Dieseth var stortingsmann for Hedemarkens amt 1854-1858. Både i 1854 og 1857-58 var han medlem av protokollkomiteen. Til 1851-stortinget var han 1. varamann.

Dieseth døydde på garden sin i Stor-Elvdal i 1861.

Kjelde endre

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914