Jalal Talabani
Jalal Talabani (12. november 1933–3. oktober 2017) var ein kurdisk irakar med lang fartstid innan politikken, og leiar for Kurdistans patriotiske union (PUK). Han var irakisk president frå 2005 til 2014.
Jalal Talabani | |||
| |||
Fødd | 12. november 1933 Kelkan | ||
---|---|---|---|
Død | 3. oktober 2017 (83 år) | ||
Statsborgar av | Irak | ||
Yrke | politikar, jurist, advokat | ||
Utdanna ved | Universitetet i Bagdad | ||
Ektefelle | Hero Ibrahim Ahmed | ||
Barn | Bafel Talabani | ||
Alle verv |
Liv og virke
endreTalabani, som gjerne blei kalla Mam (onkel) Jalal, var utdanna advokat ved universitetet i Bagdad.[1] Han byrja den politiske karrieren sin som student, då han grunnla den kurdiske studentunionen, ei ungdomsfylking til det kurdiske demokratiske partiet (KDP).[1]
Han steig raskt i gradene i morpartiet, men usemje med partileiaren Mustafa Barzani førte til at han blei med i ei utbrytargruppe, KDP-Political Bureau.[1] Gruppa var leia av Ibrahim Ahmad som seinare skulle bli svigerfar til Talabani. I 1966 tok gruppa regjeringa si side og førte ein militær kamp mot KDP.[1]
I 1975 danna Talabani og andre Kurdistans patriotiske union (PUK), eit sosialistisk parti som prøvde å heva seg over stammetilhøyrsle og kjempa mot regjeringa.[1] Partiet tok snart opp våpen mot regjeringa. I 1988 blei dei sterkt ramma av dei kjemiske våpna som blei brukte mot kurdarane. Talabani måtte flykta frå Nord-Irak til Iran.[1]
6. april 2005 blei han vald til den sjette presidenten av Irak, den fyrste ikkje-arabaren.[2] Han blei teken i eid dagen etter.[3]
22. april 2006 byrja han den andre perioden sin som president, den fyrste som var vald under den nye grunnlova til landet.[4]
18. desember 2012 fekk Talabani slag, og sendt til intensivbehandling i Bagdad.[5] 20. desember hadde tilstanden hans betra seg nok til at Talabani kunne reisa til Tyskland for vidare behandling.[6][7] 19. juli 2014 vendte Jalal Talabani tilbake til Irak etter over 18 månader med behandling.[8] Fråveret hans førte til ei leiarkrise i PUK.[2] Støttespelaren hans Fuad Masum blei likevel vald til ny president 24. juli 2014.[9]
Jalal Talabani døydde 3. oktober 2017 i Berlin, 83 år gammal, av hjerneblødning som følgje av slaget i 2012.[10][11] Han døydde nokre dagar etter ei folkeavrøysting som støtta sjølvstende for Irakisk Kurdistan.[12] Masoud Barzani, presidenten for dei kurdiske regionale styresmaktene og ein mangeårig rival av Talabani,[2] kunngjorde sju sørgedagar i Irakisk Kurdistan til minne om Talabani.[13] Den irakiske statsminister Haider al-Abadi kunngjorde også tre sørgedagar i heile landet.[14] Statsgravferda hans blei halden 6. oktober 2017.[15][16]
Privatliv
endreTalabani var gift med Hero Ibrahim Ahmed, dotter av PUK-grunnleggjaren Ibrahim Ahmed.[17] Dei hadde to søner, Bafel og Qubad. Qubad blei visestatsminister for den kurdiske regionale styresmakta i Erbil i 2014.[18] Han blei seinare leiar for PUK i lag med Lahur Talabany, ein nevø av Jalal Talabani.[19]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Who's who in Iraq: Jalal Talabani» (på engelsk). 6. april 2005.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Jalal Talabani's mediating skills will be much missed». The Economist. 5. oktober 2017.
- ↑ Turner, B. (7. februar 2017). The Statesman's Yearbook 2006: The Politics, Cultures and Economies of the World. Springer. s. 911. ISBN 978-0-230-27134-0. Henta 6. april 2018.
- ↑ «As Kurdish Leader And Iraqi President, Jalal Talabani Brought People Together». NPR.org (NPR). Henta 3. oktober 2017.
- ↑ «Iraqi President Jalal Talabani 'in coma after stroke'». BBC News. 18 December 2012. Henta 22 December 2012.
- ↑ «Iraq's Jalal Talabani arrives in Germany for treatment». BBC News. 20 December 2012. Henta 22 December 2012.
- ↑ «Iraq's President Talabani leaves for treatment in Germany after stroke». NBC News. Reuters. 20 December 2012. Henta 22 December 2012.
- ↑ Zanko Ahmad (24 July 2014). Mourning The Magic Man — Ex-President Talabani Returns To Iraq Diminished. Niqash.
- ↑ «Iraq selects senior Kurdish politician Fuad Masum president». World Bulletin. 24 July 2014. Henta 25 July 2014.
- ↑ George, Susannah (3 October 2017). «Kurdish officials: Iraqi ex-President Jalal Talabani dies». The Washington Post. Arkivert frå originalen 3- oktober 2017. Henta 3 October 2017.
- ↑ «Jalal Talabani, Kurdish Leader and Iraq's First Postwar President, Is Dead at 83». The New York Times. 3 October 2017. Henta 3 October 2017.
- ↑ «Kurdish former Iraqi president Jalal Talabani dies aged 83». the Guardian (på engelsk). 3. oktober 2017. Henta 22. mai 2020.
- ↑ «Barzani announces 7 days mourning over passing away of Mam Jalal». 4. oktober 2017. Arkivert frå originalen 4. oktober 2017. Henta 4. oktober 2017.
- ↑ «Abadi Announces Three Days of Mourning in Iraq after Talabani's Demise». 4. oktober 2017.
- ↑ «Jalal Talabani laid to rest in Sulaimaniyah funeral». www.aljazeera.com. Henta 3. april 2018.
- ↑ «Thousands attend Talabani funeral in Iraq». BBC News. 6. oktober 2017. Henta 3. april 2018.
- ↑ «Iraqi first lady survives bombing». BBC News. 4. mai 2008. Henta 14. august 2008.
- ↑ «Qubad Talabani». Kurdistan Regional Government (på engelsk). Henta 22. mai 2020.
- ↑ Rudaw English