James Bradley
James Bradley (mars 1693–13. juli 1762) var ein engelsk astronom og tente som Astronomer Royal frå 1742, etter Edmund Halley. Han er mest kjend for to grunnleggande oppdagingar i astronomien, lysaberrasjon (1725–1728) og nutasjonen til jordaksen axis (1728–1748). Desse oppdagingane vart kalla «dei mest glimrande og brukbare dette hundreåret» av Jean Baptiste Joseph Delambre, ein astronomihistorikar, matematisk astronom og direktør ved Paris-observatoriet.[1]
James Bradley | |||
| |||
Fødd | Mars 1693 Sherborne i Cheltenham i Gloucestershire i England | ||
---|---|---|---|
Død | 13. juli 1762 (69 år) Skiveralls House, Chalford, Gloucestershire, England | ||
Nasjonalitet | Storbritannia | ||
Område | Astronomi | ||
Yrke | astronom, universitetslærar | ||
Institusjonar | University of Oxford Den engelske kyrkja | ||
Alma mater | Balliol College i Oxford | ||
Doktorgradsrettleiar | James Pound | ||
Kjend for | lysaberrasjon Astronomer Royal | ||
Utmerkingar | Copleymedaljen, 1748 | ||
Medlem | Royal Society Kungliga Vetenskapsakademien Det russiske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet |
Bradley studerte først teologi og vart professor i astronomi i Oxford i 1721. Astronomer Royal var han frå 1742 til 1761.
Kjelder
endre- ↑ Histoire de l'astronomie au dix-huitième siècle, s. 413 (edited by Claude-Louis Mathieu, and published by Bachelier, Paris, 1827). Sjå òg s. xvii and 420.
- «James Bradley», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014