Nutasjon (frå latin nutare «nikke») er ei pendlande rørsle som oppstår når ein stiv lekam roterer om ein fri akse under påverknad av ei konstant ytre kraft, t.d. tyngdekrafta. Nutasjon kan ein sjå ved rørsla av ein snurrebass. Når han blir sett i rørsle, roterer han om sin eigen akse. Viss snurrebassen ikkje står nøyaktig loddrett, vil aksen hans røre seg langsamt rundt loddlinja gjennom understøttingspunktet i ein konusforma figur. Rørsla blir kalla presesjon. I tillegg utfører aksen ei hurtig, lita pendelrørsle omkring presesjonsrørsla. Denne blir kalla nutasjon. Ein kan skildre han som riller i presesjonskonusen. Presesjon og nutasjon kjennest mellom anna frå gyroskoprørsler.

Rotasjon (grøn), presesjon (blå) og nutasjon (raud).

Jorda har òg ei nutasjonsrørsle og periodetida er 18,6 år og amplituden er er 9,2" rettvinkla til ekliptikken og 6,8" parallell til ekliptikken. I tillegg finst ein komponent med amplitude under 1" og kortare periode.

I astronomi endre

Retninga til jordaksen i rommet er ikkje konstant. Den største rørsla er presesjon som har ein opningsvinkel på ca. 23,5° og ein periode på ca. 25 780 år. Overlagra denne rørsla ligg den raskare og mykje mindre nutasjonsrørsla. Desse rørslene kjem hovudsakleg frå dreiemomentet til gravitasjonskreftene frå månen og sola på jorda, som har eit svakt elliptisk tverrsnitt. Nutasjon oppstår ved at dreiemomentet ikkje er kostant, men påverkast av banane til sola og månen relativt til jorda i eit periodisk mønster.

Hovuddelen av nutasjonen endrar retninga på jordaksen med ein amplitude på ca 9,2" rettvinkla på ekliptikken og 6,8" parallell med ekliptikken med ein periode på 18,6 år. Rørsla kjem av ei langsam forskyving av månebanen som vinklar ca 5,1° med ekliptikken og som har ein baneplanknute som dreier seg 360° i løpet av 18,6 år.

Ein nutasjonsperiode varer nøyaktig 18,61296 julianske år eller 6798,3835 dagar (gyldig for epoken J2000.0).[1]

I tillegg til denne hovuddelen av nutasjonen finst òg fleire bidrag med kortare periode, heilt ned til ein halv månad. Disse rørslene er små.

Historie endre

Nutasjonseffekten vart først oppdaga i 1728 av James Bradley då han utførte nøyaktige analysar av stjernekoordinatar. Årsaka fann ein derimot først 20 år seinare. Nutasjon er av same storleiksorden som aberrasjon ein annan effekt som òg vart oppdaga av Bradley.

Kjelder endre

  1. P.K. Seidelmann (Hrsg.): Explanatory Supplement to the Astronomical Almanac, University Science Books, Mill Valley, Ca. 1992, S. 114

Bakgrunnsstoff endre